indregard.no
Mine minne

Skirenn

Melodi: Rombaksvisa

Innpå Bjørnefjellet mellom topp og skar
stod ein veldig dyst i helga no som var.
BUL sin store dag på ski så vel for kvinner som for menn.
Kalla alle tiders største slalomrenn.

BUL har alltid drive stort og dyrka sport.
Gjenom åra fabelaktig mykje gjort,
– til å løfte skiidretten her i gamle Noreg opp,
same anten det galdt langrenn eller hopp.

No i år var sett opp ekstratog med BUL,
og det seiest at kvar vogn var stappa full.
Ja, vi skulde sagt at kvar ein enda kjeft i år var med,
men det går nok ikkje, går nok ikkje det:
Frøken Herring var ikkje med!

General og sjef for denne bataljon
Steinsvikmannen kalla Hans Tjeldsundarson,
planta landsens flagg og BUL sitt merke på dei høge fjell,
bad om siger for sitt lag på laurdagskveld.

Dagen rann med sol på tindom og i lid.
Sjefen tidleg oppe var og laga glid,
løypa merkte opp med bjørketein og flagg til høgan sky.
Alt til æra for vårt lag og guden Ty.

Ja, den løypa var ei syn for kvar og ein.
Gud skal vite at ho var no ikkje bein.
Krøkte seg i kringelkrokar som den største kjempeorm.
Veldig vrang for den som ikkje var i form.

Så kom alle tiders største augneblink.
Nr. 1 stod klar til start på minste vink.
Og då landsens flagg seg løfte over Noregs kvite snø,
visste alle at no starta Martin Røe.

Alle veit at lynet det går veldig fort;
nokså nær innpå var Røe sin kjempesport.
Høgre-vinstresving, ja om det så gjekk gong på gong i ring,
var den dans for Riddar Røe som ingen ting.

Sidan så gjekk rennet slag i slag med start.
Meister Steinsvik kom i fabelaktig fart.
Stoppeklokka hadde nesten ingen verdens ting fått gjort,
då vår general passerte siste port.

Indregard han stilla opp som favoritt,
farlig – farlig, det kan ofte gå på skitt.
Porten var for trong og farta var kan hende litt for stor,
favoritten gjekk i allfall over bord.

Erling Pettersen som og er kalla jarl,
kjend av mange som ein hyperfarlig karl,
greidde ikkje nå til Noreg med sitt gjentekompani,
og fekk såleis ikkje start i rette tid.

Til Bondeungdomslaget (BUL) sitt skirenn på Bjørnfjell, ca. 1938

Forrige kapittelProlog til Nord-Hålogaland sangerlag si stemna i Narvik 1938
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelProlog til åpningsfesten for den nybygde Tøttavangen