indregard.no
Mine minne

Prolog til Nord-Hålogaland sangerlag si stemna i Narvik 1938

Nord-Hålogaland Sangerlag!
Vår by har til ære for deg i dag
heist hundre norske flagg!

Velkomen her,
du glade songar-skare!
Vel komen hit
frå granne-bygd og -by!
Vi helsar kvar
som hit til oss har fare:
Vel møtt til song,
til fest og frygd på ny!

Vårt land er vidt
og milene er mange.
Kvar stad med sitt
lyt oftast einsam ro
sin vesle båt i vintertider lange,
og greie seg og vere glad enno.

Men nordmanns hug
frå gamalt var å finne
– på fjell, i skog og over bølgja blå,
den veg som saman kunne binde,
så folk i lag om vakre verk fekk stå.

Så mang ei sjel om stemnedagar drøymer,
då ven skal møte ven i songars sus.
Og difor kan no stemnesongen strøyme,
og fagert fylle hall og kyrkjehus.

Havelda – du,
frå øyar der i vester, din trauste flokk,
du Nilsen komponist!
Vi helsar dykk i dag som våre gjester,
og seier koret tusen takk for sist!

Men no den ferd så stor,
–dei skip som siglde hit frå nord
med berre fagna-folk om bord!
Det er vel ferd med gamal klang, –
med tradisjonen rik og lang, –
ja, ratt attende til den gong
då Asbjørns kjemper der nord song!

Du Grøttem då, med alle dine lerker!
Eit vårbud, ja i dobbelte forstand!
Den song og sull
som stig med dine verker,
er vene våren som på vetter vann!

Og glad som fugleflokk på flog
ei solfylt morgonstund
vi høyrde Lurlokks tone og
om li og lund.
Hurra for dette vakre lag!
Honnør til Jørgensen i dag!
Eit hurra og til guten fjåg
han Sigurd Fauskevåg!

Så nemnast sist men ikkje minst
du varme Vårsol med din prins!
Det var jo første gong i fjor
at du til songarstemna for
og hadde Møller-Guten din om bord.
På lag som Cæsar sa det han,
du også seie kan:
– Vi kom, vi song – vi vann!
Og sia bau du inn til fest,
og vel du fagna då din gjest.
Vi takke vil,
og leggje beste ønske til:
Gjev sola di, så ung og rein
alltid over folket skein!
For mangein veik
eg veit du var ein kveik,
med vilje sterk som stein.

Ei skal eg heller byens ære
stikke i dag under bord.
Kleppe og Slettbakk skal også vere
nemnde med varme ord!

Båten vår skulle lite bere
utan dei til ror, –
songen her skulle vesal vere
i Korforening og Kirkekor.
Men hei! – dei kan takten telje
inn i oss andre små,
og difor eg skulle dei to velje
om hundra der var å få!
For mot eig dei gluntar
og tru og trott, – attåt den medfødde rike givnad,
og tolmod, – det trur eg om fjellet rivna,
så øvde dei gluntane like godt!

Men støtt ein hovding lyt stå på vakt,
– som samlar folket i dalen.
Og no de songarar: I gjev akt!
Honnør for vår høvding – Valen!
Heil deg, vår fører, fagnad du får,
fordi du så stø og sterk,
år etter år
styrde songlaget saman til nye verk!

Kom så du song, med din gode dragnad,
– løft oss på vengen din,
og styrk oss så tonen aldri tagna
i våre sinn!
Song, – kom og lær oss å tru
at livsens sterke,
evig unge kjennemerke
det er du!
Song! – Ver din eigen tolk!
Kom og syn oss det atter ein gong
at det folk
som syng i si samtid
og eig ei framtid!

Ein hermann sto ein gong på Noregs jord
med fylka her mot sin eigen bror.
Men gamle soga ho seier slik,
at hatet kvarv, og der kom forlik.
Og han som der gjorde sorg til glede,
han greide det verk med eit vakkert kvede.
Vener i dag, – lat oss tru og vone
at vakre ord til takt og tone
framleis kan stridande brør forsone!

Men, – fagre møyar og menn med styrke:
Kvil no frå yrket!
Gjort er den gode dugnad!
Frendar! Fest no med hugnad!
Alle er løyste i kveld,
frå b-ar og kryss og alt som batt.
No eit einaste teiknet gjeld:
Crescendo! – til langt på natt!
Songsøstrar, songbrøder, – sæle i dag!
Nord-Hålogaland Sangerlag!

Forrige kapittelDu gamle gikt
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelSkirenn