indregard.no
Mine minne

Narvikdag

Bydelen Oscarsborg i Narvik, 1904. Foto: Petrus Melander. I offentlig eie/Nasjonalbiblioteket.
Bydelen Oscarsborg i Narvik, 1904. Foto: Petrus Melander. I offentlig eie/Nasjonalbiblioteket.

Eg har alt nemnd at Virek-folket den første tida fór tre dagar for veka til byen med mjølka. Men all den tida eg minnest ifrå, var det berre to Narvikdagar. Det var onsdag og laurdag.

Førebuinga til turen tok til alt dagen føråt. Den dagen laut ein «skjeppe» seg – gjere avtale om kven som skulle vere i lag og kva båt ein skulle ha. Det var småbåtar ein nytta for det aller meste. Av og til kunne ein slå seg saman fleire og bruke firroringane, men det var meire sjeldan. Gjerne var det same karane som «skjeppa» seg; men noko fast skiparskap for lengre tid kan ikkje eg minnest at nokon hadde. Dette tykkjest rart. Likevel, – der var nok grunnar for det. Var to saman på ein båt den eine dagen, kunne det kanskje høve mindre bra ein annan gong. Det spurdest om kor mykje ein hadde å føre. Ein gong kunne det vere lite, ein annan gong så mykje at same skiparskapen ikkje let seg gjere. Likeins kunne det vere spørsmål om kor mykje ein hadde å gjere i byen, kor snar ein tenkte å vere. Og vidare om kor godt «rodd» ein blei. Det var jo ikkje alle som var like gode til å ro. Folk som hadde gutar sende ofte dei i veg, og det kunne hende at eit eller anna kvinnfolket òg tok turen. Det skifte såleis frå tur til tur. Stundom rodde ein mann åleine, – det var då anten fordi han vanta kamerat, – eller han av ein eller annan grunn ville vere åleine om båten. Far var såleis ofte åleine. Han hadde den første tida ein nokså liten og smal to-roms saltværingsbåt, og han tykte han rodde like lett og snart åleine på denne båten enn om han «skjeppa» seg og dei blei to. Han rodde i alle fall like snart. Han var svært sterk og seig til å ro, og han fortalde om gonger då han åleine hadde halde lag med – ja, til og med rodd om – andre båtar som var to roarar på. Gamle Johan Eidissen var òg ein slik seig roar, og difor var det rett ofte at desse to karane «skjeppa» seg ihop. Då var dei godt rodd.

Førebuingane måtte som sagt gjerast dagen før. Alt måtte vere greitt til om morgonen. Båt og årar, segl, styre og styrvoll måtte vere i orden og på plass. Dette galdt endå meir om vinteren når det var kaldt og mørkt om morgonen. Kvelden før byferda var ein difor gjerne nede med sjøen ein tur og stelte med sakene. Ein ting var – nula. Vintertida laut ein sjå etter at nula var i orden, at det ikkje var is i nulholet, for i så fall ville isen tine og nula springe opp når båten kom på vatn. Var sjølve nula frosen, laut ein anten tine ho opp eller finne anna, tørt stry til nula. Det hende av og til at dette blei gløymd, men det kunne då skape både bry og heft om morgonen. Og endå verre var det dersom nula gjekk ut etter at ein var komen på sjøen. For då var oftast atterskotten overstuva med mjølkespann, potetsekker, vedbuntar og anna som ein hadde med. Det kunne då vere mykje bråk med å nå til nulholet.

Så måtte årane vere i orden og på plass. Det var mykje om å gjere at årane var skauta rett så dei låg godt i tollane. Ei år som ikkje ligg støtt, er vond å ro med og stel mykje kraft. Eit eller to par årar laut ein helst ha med, i fall ein braut av ei eller fleire årar. Det hende ofte, serleg når ein skulle stake frå land og det var mykje båra. Likeins laut ein sjå etter at det var sterke og gode tollar i alle rorane. Dessutan laut ein ha med seg fleire laus-tollar til å skifte inn dersom nokon gjekk av. Far smia ofte tollar kvelden før og tok med seg til sjøen om morgonen. I den mørke tida var det best å leggje segl og styrgreier oppi båten om kvelden. Ein slapp då fara leitande etter desse sakene når ein skulle i veg. Galdt det ein båt som til vanleg blei nytta i denne førsla, var gjerne alt i orden for det meste. Hadde ein «skjeppa» seg på ein firroring, var det meire naudsynt at ein såg grundig etter alt om kvelden. Men det blei ofte ikkje gjort, for dette med å «skjeppe» seg ihop på større båt var noko som ofte først kom på om morgonen, når veret var stormande. Difor var det ofte mykje rensel og romstering etter sakene i slike høve. Tollar vanta, årar og segl var i ustand eller sett bort. Småbåtane var jamt greiare såleis.

Så var det sakene ein skulle ha med seg til byen. Det var oftast mange kolli. Mjølk i mange spann, frå fire-femliters opp til 15-20 liters. Dei fleste hadde fem-seks «melkeleveransar» som vi kalla det, og ein måtte då sjølvsagt ha like mange spann. Vedsekker og vedbuntar bringa ein mest alltid til sjøen kvelden før. Sameleis gjorde ein gjerne med potetsekkene dersom det ikkje var fåre for frost. Mjølkespanna hjelptest ein helst åt med om morgonen, slik at han som skulle til byen ikkje trong gå fleire gonger.

Vidare såg ein gjerne etter at kleda var til svars og i orden, først og fremst fotkleda då. Støvlane laut stå greie om det skulle bli bruk for dei, og det blei det jo som oftast om vinteren. Det galdt å halde seg turr og varm på føttene den lange vegen i storm og frost. Stundom var ein såpass førevis og vøren at ein tok eit par lause hosar med seg, og dei blei det ofte bruk for, om dei ikkje nett kom på føtene til han som hadde tatt dei med.


Så sa dei gjerne til kvarandre: I kveld lyt vi leggje oss med otte. Dei gjekk gjerne til sengs tidleg. Det galdt om ikkje å forsove seg. I halv femtida – seinast fem – laut ein opp. For klokka seks skulle ein vere i roinga. Og endå om alt var greitt, så tok det si tid å bli ferdig. Ein laut fyre opp, koke kaffi og ete skikkeleg, – ei hard roing sto føre. Kona slo saman mjølka og laga til dei ymse spann: seksliterspanna til apotekaren, 12-literspanna til dokteren, 14-literspanna til Jonsen i gate 3, o.s.b. Alt måtte bli rett.

Halv seks laut ein i allfall vere ferdig å gå frå stua. Ein eller annan hjelpte til med å bere ned til sjøen. Det var vanleg at ein hadde eit par børtre på kvar gard. Det eine tok ein gjerne med til byen. Denne nedberinga var ikkje alltid så grei. Var det mørkra og holkeføre kunne ein vere retteleg plaga, serleg når det var blindholke. Då kunne det stundom hende at ein datt og slo ned mjølk. Verst var det dersom ein i slikt høve ikkje hadde meire mjølk å fylle på med, for då blei kanskje ein av «leveransane» fri.

Veret var det som først kom ein i tankar når ein vakna om morgonen. Ofte tok vinden på stua, så ein hadde god greie på dette alt før ein kraup ut av senga. I alle høve laut ein straks ut og «sjå i veret.» Alt sto og fall med veret. Var det godt, blei ein vel til freds. Då var det berre å gje seg i veg. Men så alt for ofte var «hånn ruskåt», og då var alt på det uvisse: kom ein seg i veg? Eller laut ein vere heime? Det var mange, mange gonger det store spørsmålet.


Men no har vi først ein godversdag. Alt er kome på fjæra. Båten skramlar lytt nedover dei tørre lunnane. Årar ramla, store sko trakkar mot fjæresteinane. Folk er på ferde i alle støene. Ute med Skjeret er meste sjauen, for der ifrå skal tre-fire båtar av stad. Du høyrer likevel mindre båtskrammel, for der er berre sand og leira å setje over, og lunnane er det helst svært langt mellom.

No «skjeppar» alle inn si last. Her lyt ein helst stuve godt, for det er mange ting å finne rom åt i den vesle kjeksen eller spissbåten. Båtene må lastast rett, så han blir høveleg sett når roarane set seg på framårane. Litt attsett er det likaste. Då glir båten lettast og støast. Ingen ting må stå eller liggje slik at det er i vegen for roinga. Der er viktig, men ofte vanskeleg å få til. Framme må ingen ting vere i vegen for ryggen åt han som ror i fremste rommet. Og i atterskotten må der vere fri bane for nevane til han som sit og ror i atterrommet. Men folket er så vane med dette, så dei veit å ordne seg på beste måten. Helst lyt dei flytte litt på eit spann eller ein sekk etter at dei har skuva frå land, for å gjere båten passeleg sett. Er så veret ikkje for kaldt, går yttertrøya med ein gong. Ein snur foret ut og legg ho til side på tofta. Og så grip ein til årane. Skiftar kanskje over ein gong eller to til ein får kjenne kor årane ligg best. Og så er der berre å leggje seg seigt og jamt på årane, ro med lange, jamne tak og halde stø kos frå nes til nes innetter.

På knappe to timar er ein i byen. Det er gjerne i seks-tida ein set seg til spenns med årane. Alle er i ferda så nokonlunde samstundes. Ein båt er kanskje eit lite stykke føre, ein annan ser ein skimten av eller høyrer litt attafor. Og så spørst det kven som er best rodd. Jamt blir det kapproing innetter fjorden. Den som ligg etter, ror på hardingen – og ser smått fram om avstandet aukar eller avtar. To båtar jamsides er vel dei som kappast hardast. Då går det mest alltid så, at dei som har lettaste båten og er best rodd vinn. I stilla og godt ver set dei kosen unna Feneset og beint på Emmenestangan. Den rette lina mellom to punkt er alltid den stuttaste, og det må ein i slike høve nytte seg av. Likeins gjer ein når vinden fell inn fjorden. Då mastrar ein med ein gong, og det går lett innetter. Er det austavind eller skjomvind lyt ein ro attmed landet innover. I skjomvind mastrar ein med Røsåsneset, og så går det strykande over Skjomen, til des ein dett i stilla nedfor Skjomneset eller på Håkvikleira. Då lyt ein rigge ned og setje seg i årane att. I austavind når ein kanskje i blakk når ein kjem midt på Skjomen. Så kan ein ro i stilla til Tangan; ja, stundom heilt til byen. Ofte ligg ikkje vinden i land endå han kan vere heller sterk borte i fjorden. I så fall er ein heldig.


Men så ein ruskeversdag. Lat oss seie det er storaustavind. Hos oss tar han ikkje på stua, men vi høyrer susen av båra mot land. Ja, no spørst det om ein kan gjere tur. Det skal stort uver til før ein heilt slår seg til ro heime. Det spørst om vinden ligg i land, og så om kor fæl han er med sjø imot land. Å kome av landet er det først og fremst det blir spørsmål om. Om vind og sjø står jamt på, – eller det er «løyan» – d.v.s. rolegare vatn mellom kvart ross og kvar båredroga. Er det løyan, kan ein greie å kome seg av landet når ein passar på. Vidare har det mykje å seie korleis det høver med sjøen, – med det meiner ein kor mykje oppflødd eller nedfallen sjøen er. I fjæra sjø er det sjølvsagt verst, serleg då ute med Skjeret. Der er halvflødd det beste, for då tek Skjeret noko av. Er det mørkt, går ein gjerne heilt ned i støa og tek mål av sjøen. Er det dål innimellom, ber det laust. I slike høve reknar ein med at han er blakken på Skjomen og Håkvikleira. Så ber det til. Går sjøen stor mot stranda, snur ein båten først og set han med frammerskotten føre nedi fjæra. Så skipar ein inn det meste medan båten endå står så turt at sjøen ikkje kan røre han. Sidan lyt ein skuve så langt uti at ein mann kan gå inn i båten. Han tek ei åre og stør imot på lesida så ikkje båra får kaste båten på tverra. Det siste må no den – eller dei andre – hive inn i stor fart. For svære bårer hiv på båten og trugar kvar tid me å fylle det vesle nøtteskallet. Og så spørst det. Ein kan ikkje berre setje frå land med ein gong. Det kunne bli reine forliset. Når alt er klart, tek han som står på land tak om bakskotten, medan den andre står i framrommet og held båten mot vinden med åra. Ein tek no oversyn over sjøen nærast utafor land. Ventar på godt løye. Det er no det gjeld. Anten kjem ein seg heilberga av landet, eller òg får ein «søkkje» og hamnar i kaos på fjæra. For ein som er uvant med dette, ser det rart ut, – han skynar helst ikkje kva desse karane tenkjer på, – somlar etter. Dei tek roleg imot eine sjøspruten etter den andre utan å røre seg. Inkje blir sagt, – svært lite i allfall. Har karane med eitt misst motet? Tør dei ikkje? Aktar dei å stå slik til dess båten går full og alle er søkkvåte? Det ser slik ut.

Men karane ventar roleg. Lar droge etter droge av sjøar gå av seg. Han som står for atterenden, hoppar opp for kvar storbåre som dreg oppetter, så ikkje støvlane skal fyllast. Det lukkast kanskje på denne måten å berge seg for det meste. Taket må han ikkje sleppe. Ei lang båredroge er ikkje heilt gått over, – då ropar han: «No!» Så tek han i av all makt og renner båten uti. Den – eller dei – som er i båten, stakar alt dei vinn på lesida. Og båten skyt uti. Karen atte veltar seg innover atterskotten når støvlane slett ikkje lenger kan nå botnen, og lynsnart har han òg ei åre ute og stakar med. No er det tida for fremste karen å skifte om. Han slengjer seg ned på tofta, og samstundes kastar han årane i rorane og ror på spreng. Båten sig støtt og jamt frå land. Dette går føre seg i eit løyan, – i den vesle augneblinken før neste båredroga når fram. Det at ein starta før forrige droga var heilt over, har ofte vore berginga. På den måten rekk den vesle stunda til. Når neste storbåra hiv seg innpå, er ein bortafor brenningen, – i rom sjø å kalle. Det går bra. Men jamt flyt pliktane i båten, så mannen atte lyt til med ausekaret med ein gong. Og ofte er karane alt anna enn turre der dei set seg til tøyings imot austavinden. Men det er det ikkje tid til å grunne over. Det sjoklar kanskje i støvlane hos han atte. Det sig iskaldt sjøvatn nedetter ryggen på karen som sit på frammertofta. Men det går. Dei frys ikkje nett. Dei tøyer på årane i taktfaste, seige tak. Ser seg fram over aksla, aktar på sjøane som kjem mot dei på skrå, den eine kvassare enn den andre. Så eit augnekast mot land for å sjå om det mear, – går fram. Og det gjer det. Fjæra flyttar seg seint og i små rykk bakover. Det lid i landet. Men imellom står det heilt i stilt. Karane har fått auga på to-tre bratte skavlar som rullar mot dei. No lyt dei slakke av, leggje båten beint imot båra, – leggje oppi – heiter det, og så vente til det verste har rulla forbi. Elles kan ikkje båten vake. Så full kraft på årane att til dess ein atter lyt leggje oppi. Slik går det. Det monnar litt etter kvart. Ein har det verste frå seg når Fenes og Krøkje­bærnes er lagt attom. Vinden har alt tapt seg. Sjøen går ikkje så krapp. Og eit stykke bortpå Skjomen når ein blakket. Då først kan det bli tale om å slakke av litt om ein har lyst. No driv ein ikkje meir attende dersom ein av roarane må halde oppe. Kan hende ein bytar ein hose på den foten ein er mest våt. I allfall tømer ein or støvlane og vrir opp det ein har fått heilt blautt. Set kanskje på ein røyk til og med. Dei gamle legg inn ei god skrå til beste for seg sjølv og turen i det heile. For no må ein ro godt. No har det alt tatt til å lysne av dag, og Håkvikleira ser tolleg lys ut frampå. Det går i dag òg. Dei ser det no klårt. Det er heilt visst at dei kjem til å greie det. Bra at dei tok laust likevel. Han blir kanskje verre i morgon. No må dei leggje seg seigt og godt i selen. Få båten til å sige jamt og glatt. Det lir alt langt på tida. Ein skal jo heim att, – helst medan det enno er dag.

Om Tangan og framover til Båtberget lyt ein ta eit nytt tak med austavinden før ein er heilt berga. Det kan stundom vere nokså seigt, dette stykket. Men ikkje på langt nær som attmed Vireklandet. Sjøen er alltid berre småguten mot der ute. Og ikkje langt framom glitrar Narvikbogen, blank som spegelen.

Ja, slik er det oftast. Ein er komen til ein annan verden. No kan ein til og med kvile på begge årepara utan å drive attende. Det blir tid til å ta båt og last i augnesyn. Sjå etter kva stand alt er i. Banke is av årane og skrape sørpa av pliktar og bord. Gamle-karane har kvite istappar i skjegget. Dei plukkar kanskje dei største bort før dei legg inn til kaia. Dei er komne til byen.


Men sett no at morgonen kjem retteleg stormfull og stygg. Då lyt ein kanskje vente på dagen og sjå korleis han tar han. Og så ber det til slutt til å skjeppe seg ihop på firroringar. Far har ein, onkel Johan ein, Hans Amundsa ein som dei kalla «Prammen». Og så har hågingane ein. Det kan vere seks til åtte mann på firroringen. Ein blir då tviskjeppa, to og to sit i toft og ror. I toft – vil seie at dei to sit i breidd på same tofta og ror med ei åre kvar. Åtte mann i årane på firroringen. Då er ein sers godt rodd. Det skal mykje motvind til om ein då skal bli stoppa. Men i slike høve blir lasta òg nokså stor. Det blir ei mengd med spann og sekker, – båten full. Nokre spann lyt ein setje i romma, slik at karane har dei mellom seg eller mellom knea. Båten blir heller tungt lasta. Og det gjer at ein ikkje greier seg så serleg

mykje betre enn på småbåt. Det er heller verre å kome seg av landet med ein slik farm. Likevel, – ein kjenner seg vel tryggare med større båt. På heimvegen er det alltid ein føremonn når veret er stygt. Og så er det kanskje trivelegare å vere fleire saman. Ein kan prate, krangle og spøke etter som det høver.

Av landet, – ja det lyt i austavind gå for seg på same måte som med småbåten. ein skipar inn så mykje som råd før ein skuvar båten uti sjøen. Nokre går inn og held imot med årane. Men båten er tung, så sjølve det å setje av landet tar litt meir tid. Difor lyt ein ta imot fleire bårebrott før ein kjem seg klar av brenningen. Det er meire bråk og rop no. Dei mest røynde i farten kjem jamt med tilrop, både når ein set av landet og under roinga. Dei syng ut: hya-via-hå! andre tar i med. Meininga er å få alle til å yte det beste og drage i årane med jamne tak. Og det hjelper. Båten sig fram mot vind og ver.

Ein eller annan sit kanskje med vatn i støvlane. Det er godt om det finst eit par turre hosar å skifte på seg så snart det blir høve.

Før dei når byen, blir det prat om kva tid dei skal vere ferdig og fare heim att. Dei fleste talar for at ein må vere serskilt snar, så ein ikkje mørknar nede på heimvegen. Det vil vere vanskeleg å lande på Virek i mørkra. Og kanskje fell sjøen ned på ettermiddagen og gjer det endå verre. Men alle har ikkje like mykje å gjere i byen. Og ein har mykje skyldfolk han skal drikke kaffi hos. Han kan ikkje love å vere brenn-snar, -vil kanskje helst at ein skal sjå i veret og heller gje seg av i byen natta over. Serleg dersom det er laurdag. Dette er ikkje dei andre med på. Dei skal heim att så sant det står båt rett på sjøen. Så blir det litt prating att og fram om dette. Og enden blir at alle skal vere med båten att til i eitt-tida, eller seinast halv to.


Ja, såleis på lag gjekk det føre seg når ein skulle til byen. Heimferda var ofte like slitsam og spanande. Men før eg går vidare, vil eg ta med noko som eg skreiv og las opp på ein julefest heime i 1935. Eg kalla det «De sette a’ landet» Eg trur det skildrar bra korleis byferda kunne arte seg. Folk lika dette stykket sers godt, fordi dei kjende seg att.

Forrige kapittelByferdene
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelHandelen