indregard.no
Mine minne

Byferdene

Gjertine og Martin (ved kaffebordet) i familielag. Heilt til høgre Ole, bror til Martin
Gjertine og Martin (ved kaffebordet) i familielag. Heilt til høgre Ole, bror til Martin

Før Narvik blei by, var Fagernes poststaden for heile indre Ofoten. Det var også næraste handelen. Eg veit ikkje om Virek-folket pla avhende noko av varene sine på Fagernes hos Moslingane. I så fall var det nok ikkje mykje. Men då byen kom, blei det snart annsleis. Der blei det sjølvsagt straks spurnad etter slike varer som mjølk og kjøtt, ved, potet og ymse anna som grendene omkring hadde. Og i grendene såg dei vel straks monn i å selje til byen. Det gjekk føre seg ei vidfemnande omlegging av det økonomiske livet i bygdene her i desse åra, det er lett å skyne. På stutt tid skifte folket frå naturalhushald til pengehushald. Ein kan kanskje undre seg over at bondefolket så lett og brått ville gje opp sin gamle nedervde levemåte og kaste seg inn i alt det strev og den omskipnad som det nye førde med seg. Levemåten blei jo tvillaust ringare i og med denne overgangen til pengehushald. No tok dei til å selje sine fullverdige sjølv-avla og sjølvlaga varer, og kjøpte att varer som for ein stor part var erstatning – eller i alle fall av ringare verd. Vi kan berre tenkje på smøret. Når mjølka gjekk til byen, kom margarinen i staden, – gjerne den billegaste og lågaste kvaliteten. Og sirupen tok vel til å erstatte ost og spekekjøtt og slike fullverdige matvarer.

Ein skulle ikkje vente at bondefolket med sin nedervde konservatisme straks slo over på dette. Likevel, det gjorde dei. Det måtte vel vere pengane som lokka dei. Eg trur nok det var sterkaste grunnen. For i grunnen tykkjer eg ikkje ei slik forklåring er så merkeleg. Ein skal hugse på at folket alt frå gamalt hadde hatt bruk for pengar. Eit visst minimum av kontantar hadde dei alltid hatt naudsynleg trong for. Somme varer måtte dei i alle høve kjøpe, hadde gjort så i århundra nedetter; – og skatt laut dei betale, – endå om ein etter våre tilhøve kan seie at skattane var minimale. Desse kontantane hadde dei før lote slite hardt for å skaffe til veges. Det var Lofoten og Finnmarka som ga desse kontantane, – dei pengane ein så laut greie seg med året igjennom. Litt jordbruksvarer hadde dei vel tatt med seg og omsett til pengar på Lofoten og Finnmarkturane, – helst i Lofoten då. Eg har før fortald at Mens i Frostisen hadde med seg m.a. reinost til sal i Lofoten. Når no med eitt Narvik tok til å vokse opp og trong mjølk, kjøtt, o.a., og prisen på desse varene truleg straks gjekk opp til langt meir enn det folket var vane med frå før, er det berre rimeleg at ein såg stor nytte i å selje til byen. Endå så tungvint samferdsla med byen etter vårt syn var, såg nok folket den gongen onnorleis på den tingen. Eg trur dei tykte dette med å føre varene sine til Narvik var svært så lettvint, – mot å dra dei med seg heilt til Lofoten, slik det før hadde vore. Dei kunne jo gjere turen på dagen – .


Det kjem for meg at det kanskje var andre føremuner òg dei såg i kjøp- og sal-måten, endå om det å skaffe seg meire pengar var største grunnen. Eit levesett bygd på dei varene som garden sjølv kan skape, krev mykje arbeid. Tilverkinga av alle råvarene er ikkje minste strevet. Ein kan tenkje på kjerning og ysting av smør og ost. Det er mykje arbeid. Det er langt greiare å selje mjølka og kjøpe ferdige varer i staden. For kleda gjeld dette i endå sterkare grad. Tida og strevet med å føre varene til byen kunne ikkje målast med det ein før hadde lote ofre på tilverking av eigne varer. Folk fekk nok snart opp augo for dette. Til dette kjem at det nye skapte ei overføring og utjamning av arbeidsmengda frå kvinnene til mennene. Vi kan vel gå ut frå at kvinnene måtte ha svært mykje – og meir enn mennene – å stå i med under naturalhushaldet. Å lage all maten og alle kleda som ein heil huslyd treng, det er eit veldig arbeid. Attåt dette arbeidet laut kvinnfolka passe fjøsa, som den tida var svært tungvinte innretningar. Og jamt hadde dei lite å ta til på laden. Vassberinga var eit allmektig kapitel attåt alt det andre. Eg kan ikkje skyne anna, når eg no sit her og tenkjer på desse ting, enn at kvinnfolka den tida måtte vere langt meire nedtyngde i arbeid enn karane. Endå karane visseleg korkje var eller trong vere gjerandslause dei heller. Ja, eg kjem til å minnast ordtaket åt kvinnfolka i Saltvika før i tida. Når det lei til den tida at ein kunne vente lofotfolket heim, spurde dei gjerne kvarandre om dei hadde høyrt noko «stuggetiend». Det var stuggetidend når det spurdest at folket tok til å kome heim. Det var kanskje alt arbeidet dei tenkte på. Medan karane var borte, hadde vel kvinnfolka den lettaste tida av året.

Då salet av varer til Narvik tok til, var det karane som jamt over blei å ta seg av førsla til byen. Det fanst unntak i så måte – på Virek òg, t.d. Johanna Erlandsdotter, som sto for Narvikturane aller oftast der i garden, heilt til dess motorbåtane blei tatt i bruk i denne ferdsla.

Men der er ein annan grunn for overgangen til pengehushald. I våre dagar har ein så lett for å sjå berre det kleine ved ei slik omleggjing. Ein høyrer ofte dryge påstandar om kor mykje betre folk levde den tida dei var sjølvhjelpne i mest alle ting, og om kor klein levemåte dei kjøpte varene i røynda ga. Vel nok kan det vere sant at margarinen og sirupen var dårleg bytte mot smør, mjølk og kjøtt. Men ein skal vere merksam på at pengehushaldet førde til at folk no kunne skaffe seg mange slag varer som dei før ikkje hadde, – anten fordi dei vanta pengar til å kjøpe for, eller varene ikkje var til å få. Det er ikkje berre næringsinnhaldet og styrken i ein vare som tel når ein skal døme om kva som er til gagn og nytte for det folket som skal bruke og leve på vara. Eg for min part vil langt heller ha ferskt finbrød enn vekegamalt brød av grovt mjøl, – endå eg veit at det siste skal vere betre og meir helsesamt. Og alle luksusvarene vi no kan få og dagstøtt kjøper ei mengd av, dei er for det meste av lågt verde, sett på same måten. Dei kan på det viset ikkje mæle seg med simplare – og jamnast billegare vareslag. Men sjå om vi ikkje likar dei. Også i dag vel vi dei «fine» sortane, – dei som kanskje kostar mest og inneheld lite og inkje «kraft». Vi røykjer og drikk kaffi, et sukkerty og andre søtsaker, kler oss etter moten i silkesokkar, fingerhanskar og mykje meir av same slaget. Mykje av dette høver på sett og vis ikkje, men vi vil ha det slik, for «mennesket lever ikkje berre av brød,» som det står. Og slik har det vore før òg.


Med denne overgangen blei det altså høve for folket til å skaffe seg mange slag varer som dei før ikkje hadde hatt, eller hatt svært lite av. På den andre sida blei det no høve til å selje og gjere om i pengar varer som før hadde vore bortimot verdlause, – eller lite påakta og nytta. Ein kan til dømes tenkje på bæra. Eg trur ikkje dei plukka stort bær på Virek i gamle dagar, – endå ein kan gå ut frå at det var nok av ho i skogen den tida, truleg mykje meir enn no. Så lite folk som det då var, er det klart at ei mengd bær av alle slag der veks sto og rotna ned i marka. Ja, kvifor nytta dei ikkje bæra då? Dei tok jo elles vel vare på det matnyttige som voks på marka.

Det kunne dei ikkje, for dei vanta kunnskap om konservering av bær og vanta emne til dette. Dei hadde ikkje syltesukker. Det er jo så den dag i dag at dersom ein ikkje får sukker, kan ein ikkje få ta vare på bæra i serleg stor monn.

Men no blei det straks annsleis. I byen var god marknad for bæra, serleg for moltebær, og det var etter måten gode prisar. No tok folket til å plukke bær for ålvor. Moltebæra blei det snart kapprenning etter, – ho ga største vinninga.

Alt dette, og andre ting, var nok med og skapte den bråe overgangen til gjennomført pengehushald hos oss. Og så tok faringa til byen til. Den første tida rodde dei mjølka til Narvik tre gonger i veka. Halvparten av yrkedagane i året var altså det vi kalla – «Narvik-dagar». Det er mest uråd å skyne at folket ville ta på seg eit så svært strev som dette var. Men dei gjorde altså det, – det bar dei ikkje i auga, og dei gjekk ikkje trøytte av det heller. Dei rodde og rodde, først tre dagar i veka, – seinare gjekk dei ned til to dagar og heldt på slik til dess meieriet blei skipa og bygd. Dei første åra, – til fram imot tjugeåra, var robåten einaste fargreia ein hadde. Folket rodde og sigla støtt fram og tilbake heile året igjennom. Det var ei fårefull fart på små båtar, som jamt var overstuva med varer og for tungt lasta. Eg skal seie det mest var eit under at alt gjekk bra, – at ingen menneske sette livet til i denne ferdsla gjennom alle åra det varde. Mange, mange gonger var det nok på nære nippen dei berga seg. Men det hende altså aldri ulukker av ålvorleg art. Eg skal no prøve å gje ei så klår og grundig framstilling av «narvik-dagane» som eg kan. Eg har jo vore med på dette sjølv og trur eg hugsar rett om det aller meste som knytte seg til denne ferdsla. Det er interessant, fordi denne ferdsla så sterkt prega livet i Virek-grenda heile den første fjerdeparten av dette hundreåret. 25 år er no snart lidne sia «narvik-dagane» tok slutt, og ein kan vel vere viss om at slik ferdsel aldri meir kjem att, korleis framtida enn lagar seg.

Forrige kapittelBygging og nybrottsarbeid heime
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelNarvikdag