indregard.no
Mine minne

Ymist anna som vi drog opp frå havdjupet

Far pla jamt setje linen på djupt vatn. Han hadde visst best tru om god fangst der. Det hende då ofte at vi fekk havkatte, og skate. Havkatta og skata brukte vi berre til krøtera. Men far pla ta levra or havkatta og samle trana på flasker. Det blei heilt vassblank tran av havkattlevra, og vi brukte denne trana til å smørje såre fingrar og hender med. Det var ho retteleg god til. Fingrane blei mjuke og gode av det. Ein gong fekk vi ei kjempeskata på linen. Ho rekte over halve båten, og så brei var ho, at ho låg opp til kanten av båten på begge sider.

Borte i Kallbakken og i Auårshavet var mangt rart å få. Frå smådyr som ikkje var større enn gryn, og til svære haifiskar på mange hundre kilo. Når ein sette garna der borte, var det heilt naudsynt å dra dei neste dag. Blei dei ståande over to netter, som ofte hende når det var storm, kunne ein vere viss på at ein god part av fisken var oppeten av smådyra. Det var då berre skinnet og beina att. Det kunne vere pakkfullt av slike små snyltarar i fisken, – når ein rista fisken, rydde dei ut nett som gryn. Dei var gråkvite på let. Merkeleg var det at dei alltid var verst til å ta fisken dei første par setta. Brukte ein garna i lengre tid, forsvann dei mest. Eg har ikkje fått greie på korleis det kan ha seg, – men slik er det.


Pilorm fekk vi rett som det var. Han gjorde òg ende på ein og annan fisken, men ikkje på langt nær så mykje som smådyra. Av og til fekk vi håbrann. Ein gong fekk vi ein håbrann på linen, og det rare var at han ikkje hadde ete seg fast. Nei, han hadde rett og slett fått linen kapprulla om sporen, og på det viset drog far han opp. Håbrannen er ein fæl rovfisk. Han går langs etter linen og bit av storfisk som står på. Oftast er fisken nett som han er klipt av med ei saks. Jamt er berre buken biten utav. Han likar truleg levra best. Ein gong vi låg fleire båtar i Kallbakken og hilte, drog onkel Kristian ein halv sei. Håbrannen hadde bite seien tvert av på midten.

Håbrann. Foto: I offentlig eie. Tatt av U.S. National Oceanic and Atmospheric Administration
Håbrann. Foto: I offentlig eie. Tatt av U.S. National Oceanic and Atmospheric Administration

Vi fekk mange gonger stor-hai på garna. Det var fleire slag av han. Men fæl kjeft hadde alle. Mange rader med sylkvasse tenner i kvar kjeft. Desse karane var ikkje lett å hale opp, og endå tyngre å få inn i båten. Ein gong bala vi lenge med ein slik ufisk. Vi hadde han mange gonger nesten inne, men laut sleppe han ut att fordi båten ikkje ville vake, endå vi hadde firroringen. Då vi endeleg fekk han opp over ripa, blei båten samstundes mest halvfull av vatn. Vi sette tau på han då vi kom i land, og så var far og begge gjentene, Torleif og eg i tampen og drog han opp igjennom fjæra. Endå greidde vi berre å dra han tak for tak. Det var den sværaste fisken eg har sett. Han var truleg på 400-500 kg. Då far spretta han opp, valt blodet or han som av ein gris. Han hadde både kjøtt og fisk på kroppen.


(Pigg-)hå. Foto: Magne Flåten. Lisens: Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0
(Pigg-)hå. Foto: Magne Flåten. Lisens: Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0

Småhai fekk vi mest alltid på seigarna. Det er den sorten ein kallar for . Han kan bli opptil meteren lang. Han gyt ikkje rogna, men før levande ungar. Stundom kunne ungane ry ut av han når ein fekk han i båten.

Eit år var det sers mykje hå. Kvar gong vi drog, blei det fleire kassar av det slaget. Ein gong fekk vi heile 300 i eitt sett. Firroringen var heilt lasta av hå. Det blei mykje god krøttermat av han. Vi hadde just det året Maren i Bukta til budeie. Ho pla kome ned og hjelpe oss opp med båten, og ho var alltid i godlag når vi hadde mykje hå. Om vi hadde fått annan fisk, brydde ho seg mindre om. Ho var elles svær til å finne på spek med oss. Men ein gong fann vi på noko retteleg verksamt til motgjerd.

Maren hadde senga si attmed vinduet på stuloftet. Om kvelden skein månen inn gjennom glaset og over senga. Rett over senga hengde vi opp eit garnrams, og midt opp i dette garnet sette vi to-tre håar fast. Det var moreld i fisken, så det lyste blått i mørkra. Dette laga vi til medan Maren var i fjøset. Då Maren kom på loftet, sette ho først i eit rop og var åt å renne ned att. Ho blei redd, tenkte kanskje det var spøkeri. Men ho kom seg til hekten snart att. Og då ho så fekk greie på kva dette var, blei ho sint. Ho skjente og sleit i garnet for å få det ned. Eg trur ho svor òg. Slikt svineri ville ho ikkje vite av. Ho meinte på at vi hadde øydelagt og grisa ut sengkleda hennar. Men det var no berre tøv, for det var frost og kaldt på loftet, så fisken hadde nok ikkje tina opp.


Eliseus og Hans Olsa var sers flinke djupsognfiskarar. Dersom ikkje dei fekk fisk, ja, då kunne ein vere viss om at andre òg blei fri. Hans Olsa lærde oss å bruke makk også på pilken. Det er jamt betre enn berre skinnbeita. Vi brukte det mykje sidan.

Ein laurdagskveld var Emil Solvang og eg på Gardsgrunnen og hilte etter storseien. Eliseus var åleine på sin båt. Seien tok godt i, og vi fekk mange fiskar. Men no gjekk det ikkje bra for Eliseus. Han hadde gløymt høtten på land. Han bar i den eine seien etter den andre, men fekk dei ikkje lenger enn til båtripa. Når han skulle få tak på dei, slo dei seg laus og stakk av. Då var han sint. Han skjente på ho Johanna, kona, for at han meinte det var ho som hadde drege høtten or båten. Til slutt bar han i ein sei og fekk han opp til ripa. Så la han seg utover båtkanten og skulle få tak i fisken med nevane. Vi låg på andre sida, så vi kunne ikkje sjå på, for båten halla så over. Men eit fælt slufs var det. Han heldt på å rote nede i havet ei god tid, men fekk ikkje bukt med karen. Vi tykte det var så morosamt at vi knapt vann halde oss for å høgflire. Der bakom båten høyrde vi slufsing og skjenning på ho Johanna. Til slutt retta han Eliseus seg opp att, men han såg ikkje til noko sida, tok berre årane og rodde derifrå. Men med det same kom seien opp framfor båten. Der vinkar han med sporen før han stakk ned, just som han meinte å erte kallen. Eliseus høyrde nok at seien leika framfor stamnen, men han var så ilsken at han ga seg ikkje om å sjå til den kanten.


Eliseus var elles svær til å fortelje om storfisk han hadde vore ute for på havet. Oftast var det kveita han hadde bore i. Forteljinga enda som regel med det at han retta ut høtten, og kveita kom laus. «Då seig ho som ei dør nedigjønna havet,» sa han. Ein gong hadde han sett fast i eit uvesen av ei kveite. Ho tok til å buksere båten. Han Eliseus måtte då leggje fast på stamn. Og farta blei så svær at han måtte sitte og halde fast i ripa for å stø båten så han ikkje skulle forskjere seg og velte. Kveita taua han både utover og innover fjorden, før ho endeleg sleit seg laus, og han Eliseus slapp fri.

Dei fleste av desse sogene hans var sjølvsagt sterkt overdrivne, men Eliseus var som sagt ein flink kar med djupsogna. På seihavet var han svært idig. Han prata jamt om at han skulle ro i land når seien ikkje ville ta i, men han gjorde det ikkje. Låg alltid til siste båt, og oftast ei god stund deretter. Såg han ein båt på Gardsgrunnen eller i Kallbakken, var det som ei uro kom på han. Og blei båten liggjande i ro ei lita stund, kunne ein vere viss på at Eliseus starta. Det var så visst at den som ville narre han, la seg til ei lita stund på grunnen – endå der ingen ting var å få. Når så Eliseus var nesten framme, rodde ein i land. Eg var sjølv med på det – fleire gonger.

Forrige kapittelFlyndrestikking
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelSegl og sigling