indregard.no
Mine minne

Vi lærde å sigle

Indregard sett frå havet sist på 30-talet
Indregard sett frå havet sist på 30-talet

Far hadde segl til småbåten òg, og det var sjølvsagt han vi først såg bruke denne reidskapen. Eg var nok ikkje store knotten første gongen eg fekk vere med på den leiken. Då låg eg berre i skotten og såg på at far sette opp seglet og at båten tok til å renne lystig på vatnet. Det spruta om stamnen, og skummet la seg i striper etter sidene. Så fort hadde ein aldri fare før, og det fanst vel knapt noko som kunne gje slik drekt som seglet.

Det er greitt at vi tykte seglet var ein merkeleg og framifrå reidskap. Og det varde då heller ikkje lenge før ein fekk hug til å prøve sjølv. Men seglet kan jo vere ein farleg reidskap for den som ikkje er vant å bruke det, og difor fekk vi til å børje med ikkje lov å sigle. Det var nokså forargeleg, totte vi snart. Vi gjorde nok nokre små prøver, men mor blei svært redd når ho fekk vite om det, og vi fekk både skjenn og blei trua med straff dersom vi ikkje let seglet vere. Far sa nok mindre om dette. Eg kan i allfall ikkje minnast at vi hadde serleg otte for han i så måte.

Den aller første gongen eg prøvde å få segl opp hugsar eg endå, men minnet er nokså uklårt. Eg trur båten låg nede i støa og at segla var i. Far hadde truleg vore ute og fare, og så hadde han bunde båten fast etter festa i steinane. Eg minnest at eg hadde fokka oppe og at båten tok til å røre seg. Vinden kjølte av landet, og båten gjekk så langt ifrå som festa rakk. Eg trur eg hugsar at eg stakk meire ut på festa for å få større spelerom. Det var ei stor spaning med dette, tykte eg. Til slutt kom visstnok far, men eg kan ikkje minnest at eg fekk noko skrate.

Vi hadde ikkje naust hos oss den tida. Far pla difor ta segla opp til gards og sette dei i vedskjåen, så dei ikkje skulle stå ute og slite vondt. Men med det kunne dei òg føre tilsyn med at ikkje smågluntan fekk ta segla med på havet. Mor var nok tryggare når ho visste segla var oppe. Vi totte ikkje denne ordninga var så bra. Det var til å argast over at vi ikkje skulle få sigle. Og så la vi opp råd. Berre vi kunne få segla ned til sjøen så. Det var ikkje så greidt. Vi kunne sakte passe på å bere dei ned medan mor og far låg middagskvil. Men så var det gjentene. Dei ville sikkert melde av dersom dei såg oss dra i veg med segla.

Ein vakker dag blei likevel lysten så sterk at vi blei samde om å prøve sjansen. Vinden var fin-fin: lett sunnavind beint frå land. No måtte vi ut og sigle. Eg gjekk og henta segla, sneik meg tett under stuvindaugo og kom meg borti dalen, mellom trea der. Ingen hadde sett det, og no var det lett sak å kome vidare. Vi fylgde berre dalen heilt ned til sjøen. Det stod tett med småskog frå gamalvegen og heilt ned til fjæra, så ein kunne frå garden ikkje sjå til støa. Jaha, no låg alt til rette. Vi sette ut båten og rodde inn til Feneset. Der var vi heilt i skjul. Her fekk vi opp mastra og sette segl, og så siglde vi lystig i veg. Men vi våga oss ikkje stort utafor Feneset. Dette var leik som det var gagn i. Og vi gjorde det same oppatt mange gonger.

Men til slutt blei vi oppdaga. Det var nokon som hadde sett at vi dreiv på og segla innmed Feneset, og så gjekk dei heim og fortalde det. Det blei visst eit oppvask då vi kom i land, men ikkje så mykje at det gjorde noko. Far såg visst mellom fingra med «syndarane», han hadde nok alt skyna at vi kunne med seglet, og i godver var det ikkje stor faren med det. Dersom far hadde brydd seg om det, ville han nok ha åtvara oss såpass kraftig at vi hadde latt segla stå i ro i vedskjåen.

Forrige kapittelEit og anna frå det vanlege kvardagslivet heime medan vi voks opp
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelEin gong eg blei dugeleg våt