indregard.no
Mine minne

Vasslaust

Ole og hesten Maia kjører vatn under ei vassløysa i 1966.
Ole og hesten Maia kjører vatn under ei vassløysa i 1966.

Her va vasslaust i grenda i gård ette gård,
kvar ein bryn’n og bekkjen va tom,
og de sa at so aspekten viste i år,
va kje von om at veret gjekk om.
Dar sto kroka og hekte i rekka og rad,
dar va nøgda med tall og med tegn,
men de såg at førr marsmånen vel va gådd a’,
va kje ventan’ ein drope a’ regn.

Her va vasslause førr sånn i ne og i ny,
men kje hal’ta så galle so’ no:
Her låg a’berra mark, – ikkje korn med sny,
berre telle så gangeli god.
Uti elva fekk vatne så vel gå i fors,
sånt va harmeli nok å vett’ a’,
førr a’ det kom dar ikkje ein drope te’ gårds
altmed føre va sånn so’ det va.

Det er galle i gården, hos folk og hos fe,
nå det tørkes i karr og i kopp,
og det skape då jamt både krangel og kre
om de bekkan so’ endå bær opp.
Du ska tru at vi sika de brynnan te’ grunns,
ja, so’ lengje dar fukt va å få,
og så sia med brøtthøgg i bekkan te’ bunns,
sant det berre va tegn te’ ei å.

Snart va Smibekkjen vakkert og vel tørka a’,
– så gjekk Johannesbekkjen i stå.
og det kjilla på Vinterbekkstran’a oss ga,
va kje mykje å trøste seg på.
Oppi Nisjedaljota sku’ ingjen b’i våt
kvart so kylda og tella fekk tak;
det du sika med ausa nå’ fint du for åt,
kunn’ du bær’ i ei bøtta i mak.

Inni Storskjedalbekkjen dar bakkan er bratt
hende sjelda’ at vatne kjem bort.
Du finn jamt at det sig unna older og kratt,
– høgg du bekkholl så fylles de fort.
Men ein brennkalde morra sto bekkhollan tom,
– nett so’ jorda dreiv tynntappen i
og slo fast med ein nakjen og nådelaus dom
at frå no a’ kunn’ folk være fri.

Å få vasslausa no va ein ålvorsli teng,
– no sku’ spetakkel spørres hos folk:
Her sto krættur og sautra i båse og beng
over tørrslekka hølke og holk.
Her va langt fram te’ mars’n og lenger te’ vår,
– kolles skulle så dettan b’i skaft?
Det va dauen i gryta, – den saka va klår
om kje kylda no herret’ ga taft.

Så gjekk folkjet på leiting så snart det va’ lyst,
– høgde holl båd’ i grop og i grøft,
og så saumfor de grenda frå inst og te’ ytst,
kvar ei bidie klipa og kløft.
Va her vøta i markja så måtte ho fram,
– no va vatn så verdfullt so’ gull;
du laut akte på droppan so’ dyraste dram,
– du va rik fann du fer’a di full.

Det va så altmed dagjen ein børta og bar,
og sto lekt med de hine på lag;
men det synte seg no at då nø’a b’ei hard,
var her de so’ gjord’ natta te’ dag.
Her for lurenga lestan’luggje og lest
opp te’ bekkan so’ skremsel og skrømt.
De so’ venta med dagjen å bære so’ best,
de fann bekkhollan tørka og tømt.

Sku’ du stå deg med vatn so’ no det gjekk på,
laut du liggje med natta på løkt,
og så stille deg ut lekso’ katta på tå
ette lampa i stuen va sløkt.
Fekk du lurt deg ei ferd, kunn’ du kaste deg ned,
– kanskje blunde ei tima og to;
men med du låg og duste, va anner å ste’,
– her b’ei mange so’ nøytte seg no.

Va kje vegjen te’ elva så bonglåt og båg,
ha’ vel folk kunna berga seg bra.
Det va pleint så det erta og arga deg òg
nå’ du vesste ke vatn dar va’.
Her va’ ein so’ ha røynt at den reisa va’ ful,
– strauk åt elva med stallstien hest.
Hånn kom heimattes hompan med kalbeinte hjul
og ei vogn so’ va sundslien mest.

Og du sporte kvar velrøynt og akta profet,
so va’ spåmenn frå ungdommens år.
Men de såg ikkje nedbør førr nokken planet,
– kvar ein klode va’ knallande klår.
Sa – «Kan skjønne nå’ månen sånn heilt frå i haust
kom på tull og fekk ruta si rang,
så hånn unna førr unna ska’ tennes i aust,
– ja, då dennan kjylla b’i lang!»

Ikkje lengje va’ lidd ette’ så de ha spådd,
laga lokta seg tjukk som ein vegg;
og førr dagjen va leden og lyset va’ gådd,
rekte snyen deg langt oppå legg.
Då va’ lekkso’ her lemna i gård ette’ gård,
kvar ein gamp låg i løsti galopp,
og punn Sagja dar elva gjekk klenkanes klår,
fyltes fat og fustasi på topp.

Storelva. «punn Sagja dar elva gjekk klenkanes klår»
Storelva. «punn Sagja dar elva gjekk klenkanes klår»

Førr ei gleda i grenda på gammel og ung!
Nett so’ bygda v’ løyst av eit bann.
Men på spåmen’n sjøl falt snydunsen tung,
– nå’ no soga så heilt ska’ væ’ sann.
Det va lekt te’ at hekt’n ha gådd dem i tull,
de bei mint om de mestydde tegn;
og te’ slutt seig prestisjen åt karran i null,
– då han beint reiv hånn over i regn.

Kom då morrå’n ette’ med forseng og flom,
– va’ so’ lande vill reint reke a’!
Kunn’ no folkje te’ nød berge kjelran sin’ tom,
laut de takke sin gud og væ’ glad.
Men på nytt fekk de spåmenner’n frimodet fatt,
dar de vadde med sjøstøvvel på,
og de sa at når solleis han tok hånn i natt,
«Ja, – då bei her nok vatn å få!»

Forrige kapittelKniven hans Bjørn-Lars
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelDe sette a’ lande