indregard.no
Mine minne

Over veggefjorden med kvalen til fylgje

Ein vår skulle far ein tur til Bogen. Kva ærend han hadde, minnest eg ikkje. Han skulle ro på småbåten, og eg fekk vere med. Truleg var eg i 8-9 års alderen den gongen. Vi tok på tur etter middag og kom vel til Bogen i nontida. Det var i Lenvika vi var, hos mor sitt skyldfolk og hos Margrete Pettersen. Eg minnest at dei ville vi skulle vere over til andre dagen, men far hadde nok mykje arbeid heime, så vi gav oss på heimvegen seint om kvelden. Vi hadde godt med klede med, og far laga til i skoten så eg kunne få sove når eg blei trøytt. Men eg var ikkje svevnig, og la meg ikkje.

Vi rodde no utetter Bogen til vi kom på høgd med Forratangen. Det var lett vestavind på fjorden, så herifrå kunne vi sigle for rom vind til Virek. Midt for Forratangen ligg ein liten holme eit stykke frå land, og der minnest eg vi la fram og tok inn barlaststein. Så sette far seglet opp, og båten dansa og leika seg fram av seg sjølv. Far satt og styrde, og eg låg i skoten og tykte det gjekk fint. Det var linn og lys vårnatt og vakkert ver.

Men vi var ikkje komne langt, før vi fekk følgje. Ein heil hop med store, svære kvalar samla seg om båten og fylgde med. Støtt gjekk det ein på kvar side av båten, så nær at ein kunne nå dei med åra mest. Samstundes gjekk ein tett føre, og bakom kom ein sigande innpå med litt større fart enn båten hadde. Når denne karen så var midt under kjølen, snudde han buken opp, og strauk så tett oppunder båten at det berre var tommar som skilde. Og straks han var framom, kom ein ny bakfrå og gjorde nett like eins. Eg låg bak i skoten og såg på desse «kjempefiskane», når dei vende den lyse buken opp så det blei kvitt under heile båten og vidare utover. Serleg totte eg den svære sporen var morosam, og så stod han vassrett, la eg merke til. Når det eit lite bel ikkje var kval under båten, hugsar eg at eg sa til far, at no måtte det kome ein til snart. Og det var ikkje lenge å bie på det heller. Eg hadde ikkje tanke om at dette kunne vere farleg. Far sa ingen ting, og eg var trygg når eg hadde han i nærleiken. Men far visste jo vél om at dette var farleg fylgje. Han sa ikkje noko om det før etter at vi var komne over fjorden, – han ville ikkje skræme meg. Han fortalde sia at han mange gonger ottast for at kvalen skulle køyre borti båten og velte han. Han tenkte på å ta ein barlaststein og kaste i kvalen for å skræme han unna, men våga ikkje. Kanskje kunne kvalen då leggje til å slå, og då hadde det visseleg vore ute med oss.

No gjekk det på dette viset heile fjorden over. Kvalen akta seg vél så han ikkje kom borti båten, i allefall merka vi ikkje at han nokon gong rørde kjølen. Far styrde tvert over, – beint mot Risøya der mælen stikk lengst ut. Og så nådde vi til slutt lysbotnen, der kvalen ikkje kunne følgje med lenger. Alle kvalane gjorde heilt om og sette kosen beint bortetter fjorden att. Og no blei vi vitne til eit underleg skodespel. Medan kvalane heile fjorden over hadde bore seg «pent åt», fylgd båten i roleg sig, sette dei no med eitt slag farten opp. Nett som i villaste raseri tok dei til å springe sjølaust til vers. Heile dei veldige kroppane kom kilande opp or havet i vilt jag, så dei ein augneblink var høgt over vassflata, til dei i neste augneblinken druste ned i sjøen att med sjog og brott, så skumspruten stod vidt til alle sider. Slik dreiv dei på så lenge vi kunne sjå dei. Då først gjekk det opp for meg óg at det nok var eit skræmeleg fylgje vi hadde hatt, og at vi kunne vere glade over å sleppe frå desse «kjempefiskane.»

Eg kan minnest at eg var hos onkel Johan etterpå og fortalde nøgje om korleis kvalen var på skap.

Forrige kapittelAndre minne frå sjøen dei første barneåra
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelMed far på langtur