Minne frå den tida far var til Lofoten om vintrane
Den tida eg var liten, rodde far lofotfiske kvart år. Han var høvedsmann og hadde båt sjølv, fembøring og åttring. Eg minnest to fembøringar han hadde. Den første heitte «Frithjof Nansen». Onkel Kristian åtte halvparten i den båten. Det var ein etter måten liten fembøring. Men huset var sers stort. Det var lengd ei god alen framover. Oppe på taket var det sjelett, – ei firkanta løfting med glas på alle sider, så det var lyst og triveleg inne i huset. Denne båten brukte dei visstnok berre til lossement. Dei brukte åttringen til fiskarbåt. Mannskapet var fire mann – og somme vintrar hadde dei kokk-glunt òg. Dei fire var: far, onkel Kristian, Josef Hansen og Ole Hansen, dei siste to frå Håkvik. Far var godt nøgd med dette mannskapet. Det var Vest-Lofotfiske desse åra, dei rodde fleire år i Hamnøyane. Der er vidt hav, og lang sjøveg oftast. Året etter eg kom til, 1907, var ein fæl uversvinter. Far fortalde ofte om det. Garna stod ein gong i 21 døgn. Dei var då heilt øydelagde. Men far hadde berga det meste av bruket på land siste dagen før uveret byrja, så dei hadde berre ein del av lenkja ståande.
Så var det påskeaftan. Då gav veret seg, og fiskarane drog ut. Likevel såg det utrygt ut. Himmelen var blå og truten vesti, og fiskarane snudde og siglde iland. Berre far og eit par båtar til heldt fram. Far tenkte som så at dersom dei berre fann ilen og fekk i, skulle det stå snart av å få opp den stutte lenkja. Men det var sers langt inn i havet dei hadde sett. Dei fann snart bruket og tok til å drage. Veret spakna, men himmelen vestover blåna alt meire til, så karane sa med kvarandre at det var best å skunde seg. Dei heftast jo elles ikkje med fisken, – det var berre telnane av garna att, linet var vekk.
Så gjekk det bra til dei hadde tre og eit halvt garn att. Då kom kulingen, nett som eit skott. Far fortalde at havet blei rokklagt med ein gong. Det var sørvest-storm. Eg har sia tala med Josef om dette, og han meiner stormen var vest til nordvest, så dei laut gå hard bidevind for å stå opp Hamnøyane.
Josef drog med ein gong kniven over garnet og kappa lenkja, utan at ordre om det var kome, – det var så sjølvsagt at ord ikkje trongs. Dette er karakteristisk på fleire måtar. For den som har vore med på garnfiske og vore ute i storm på havet i open båt, er det lett å skjønne korleis veret har vore denne gongen. Det må ha vore ofseleg. Vidare er det eit døme på kva to det var i desse karane. Dei pratar ikkje når det knip. Det er handling med ein gong, utan det ringaste tviking. Far ser kniven blinkar over korten og er i same stunda i bakskotten og får styret og volen for. Josef seier at om far ikkje hadde vore så snar å få styret for båten, trur han aldri dei kunne ha berga seg. Dei hine tre kastar seg over mastra med ein gong for å få båten for segl snarast råd. Josef fortel at dei berre fekk mastra løfta opp på kryss-stokken, og så måtte dei stå slik og halde seg fast til første stormkastet ga seg. Og så vatt dei – med sju klør nedduva. Endå var det i stridaste laget med segl. Men det går. Båten er høveleg tung, og vinden er rom. Åttringen langar godt i veg framover havet med den vesle segl-lappen. Dei når og sigler frå den eine av dei andre to båtane – ein stor listerbåt. Josef har fortald at begge dei andre båtane var snesiglarar, og at dei kom styggeleg til kort under denne kappseglinga. Dei måtte fire av pikane når rokkarane kom, og så fekk dei stor avdrift. Dei greidde dimed ikkje å stå opp mot Hamnøyane, men dreiv av og laut til hamnar austaføre.
Men far pressa hardt på heile tida. Dei tok ihop eit par gonger til å byrje med, men etter som Josef fortel sa far då at det berre var tøv å ta ihop. Og sida braud han seg ikkje om det når Ol-Hansa ropa om å ta i hop for rokksøyene. Sjølv fortalde far at det var lang veg til lands, og at dei mange gonger måtte ta heilt i hop for rokkarar.
Då dei nærma seg innsiglinga til hamna, såg dei at det hadde samla seg svart av folk oppe på haugen – dei stod og såg på dette dramatiske spelet. Oppe i innsiglinga låg eit skjær som dei måtte gå framom til lovard. Men just før dei skal passere skjæret, kjem ein hard rokkar fykande. Halskarane, Josef og Ole, -(onkel Kristian stod med skautet den dagen) ropar bakover at dei må ta ihop for rokkaren. Men far såg at dersom dei gjorde det, ville dei gå beint på skjæret. Han let seglet stå, og åttringen hadde så god tøgn at han gjekk igjennom med seglet oppe. Han låg likevel så mykje over at dei fekk ei mengd sjø inn. Men dei kom framom skjæret og var berga. Då dei var komne inn i huset i hamna, sa Ol-Hansa: «Eg skal elske den båten så lenge eg ser stamnane av han!» Då eg sa til Josef at denne åttringen var ein sers god båt, svara han med desse orda: «Ja, det var ein god båt, og ei god hand med volen, som den dagen berga oss.»
Denne dagen er ein namnkundig uversdag på det meste av norske-kysten. Det hende mange ulukker, og gamle sjøfolk minnest han endå som ein av dei verste stormdagane som har vore. – Mor har fortald om kor fælt det var heime den dagen. Fjorden var attlagd av sjørokk. Det la seg etter kvart eit grått lag over vindaugo, og då ho gjekk ut og smakte på dette, synte det seg at det var salt. Så svært sto rokket oppetter land.
Det er etter mitt syn tre årsaker til at eg ikkje blei far-laus den dagen: båten var ypparleg, mannskapet var framifrå – og far var god høvedsmann, som kunne føre ein seglbåt så godt som få andre.
Denne åttringen hadde vi lenge, heilt til etter at eg var vaksen. Far var glad i den båten. Han var pen å sjå til, og botnen hadde eit heilt opp fullkome legg. Han var hål for segl og lett å ro. Til slutt selde far båten til Rones Larsen i Holtvika. Dei bygde på han, la dekk og sette motor inn. Sidan selde dei han, og no veit eg ikkje kor han er, men han skal framleis vere i drift einkvan staden.
Det var hus til denne båten òg. Det var slik laga at ein kunne ta det av når ein ville. Ofte stod huset på når båten stod oppsett, og eg minnest at vi smågutane jamt var og leika oss nede i båthuset om sundagane.
«F.Nansen» var gamal, og til slutt saga far og onkel Kristian han av og tok kvar sitt stykke. Far fekk bakenden med huset på. Dette meinte far å lage om til grisehus. Dei køyrde han med to hestar og folkehjelp opp til gards og skora han mot bakken der kor vedsjåen heime no står. Det blei ikkje noko med grisehuset, men vi nytta båten med huset til vedsjå i mange, mange år. Styrlåset stod på, og Torleif og eg pla rikse med det når vi leika motor. Det banka som ein motor på lag.
Inne i huset stabla vi opp ved. Det var så godt å stable mellom dei digre spanta, og laet fekk høveleg halling. Men kvinnfolka var leie til å «stele» ved. Om morgonen før vi kom oss ut, var dei og henta or båthuset, ofte var det til å ha under fjøsgryta. Og så var det det vi blei sinte for: dei kunne aldri ta øvst på laa, – nei, alltid såg dei turrare skier midt inne i laet. Der drog dei veden ut, så når vi kom, stod dei fine laa og gapte med stygge hol midt inne. Dette ville ikkje «smågluntan» finne seg i lenger. Så tok vi likså godt og spikra att dørholet. No skulle dei pent få halde seg unda. Den veden vi sidan hogg, fekk vi inn på den måten at vi brukte ein liten stige opp til taket, og så kasta vi veden ned gjennom holet der skjelettet hadde vore. Denne åtgjerda gjorde visst inntrykk på kvinnfolka, for dei respekterte stengslet lenge. Og det monna munaleg med veden. Det siste var båthuset nærare fullt. Eg trur likevel at det var kvinnfolka som til slutt braut opp depoet, for eg kan korkje minnast eller tenkje meg til at vi gjorde det sjølv.
Då far sette opp vedsjåen, blei siste resten av båthuset tatt og brend. Taket var då mesta heilt nedmorkna. Dermed var «Frithjof Nansen»'s saga ute.
Siste fembøringen far hadde heitte «Tordenskjold». Han kjøpte båten hos ein mann som heitte Per Stokka på Nesna. Der nede var far og onkel Ole og henta han ein sommar. Eg minnest så vidt at dei kom heim med han. Truleg var dette same året – eller året etter at «F.Nansen» gjekk ut. «Tordenskjold» var ein nesten ny båt, stor og velbygd. Det var ein pen båt å sjå til, og god å sigle på.
Ein gong var far og førde ei stuebygning frå Elvegård i Skjomen til Leirvik i Rombaken. Då fekk eg vere med. Det var om sommaren, og veret var godt. Far hadde onkel Kristian med. Eg var nok ikkje meir enn 5-6 år gamal då, og turen var difor ei stor oppleving for meg. Det var oppe i elva, midt nedfor kyrkja, vi lasta inn materialen. Medan vi heldt på med det, tok eg jollen og rodde på elva. Men det gjekk ikkje heilt bra. Saka var at det var frisk straum i elva, og eg dreiv av. Eg rodde alt det eg vann, men det nytta ikkje. Eg dreiv berre lenger og lenger nedover. Far måtte ta ein annan båt og kome til assistanse, og såleis blei eg «berga».
Onkel Kristian pla minne meg om denne turen med fembøringen. Kvar gong eg møtte onkel, sa han: «Huse du den gongen vi var på den turen?»
Far hadde ikkje «Tordenskjold» så lenge, visstnok berre 2 eller 3 år, så selde vi båten til Johan Kildal i Beisfjorden. Kildal bygde på båten, sette motor inn og gjorde han til dekksbåt. Seinare selde Kildal båten til Hagerup Akselsen, Elvegård, som hadde han i mange år. Det var då ein god føringsbåt med stort lasterom i. Hagerup dreiv mykje sand-føring frå Skjomen til Ballangen, og ein stor part av støypesanden som dei nytta då dei sette i verk Bjørkåsen gruver blei frakta med denne båten. Sidan kjøpte Kildal atter båten og dreiv fraktfart, serleg ved og material. Han hadde «Tordenskjold» i mange år, men kor det så blei av båten, og om han framleis flyt på vatn, – det kjenner eg ikkje til.
Far dreiv alltid med garn i Lofoten. Han måtte tidleg ta til med førebuinga til ferda. Det børja med garnbøting og garnbinding. Når han bøtte, pla han henge garnet opp etter ein krok midt i taket i stua. Så hang det beint ned, og det var moro. Vi borna pla då leike oss med det når far var ute. Det var så morosamt å ta garnet om seg og sjå ut gjennom dei tette maskene. Ein gong hugsar eg Lisbet hadde tulla seg så godt inn i garnet at ho ikkje kom seg ut att. Det var uråd å finne opning. Då skreik ho fælt, og far måtte inn og greie «fisken» ut.
Når far batt garn, var det vårt arbeid å leggje i nålene, og det lika vi godt. Om kveldane måtte vi halde nålene fulle, for far sto tidleg opp om morgonen, og så galdt det om at han kunne ha nok av fulle nåler å ta til. – Så var det då kavlen å bøte. Nye huver måtte lagast, og det var morosamt å sjå på. Om dagane var far i skogen og køyrde ved. Han måtte ha stort vedskjol heime før han drog. Noko med det siste han gjorde, var å hente heim reksterveden. Det var helst tørr-fura. Denne saga og kleiv han opp i meters-lengder. Det var den lengda som høvde best til å stuve i romma på båten. Dagen før dei skulle skipe inn, køyrde han veden til sjøen. Det var ikkje så stor mengd, eit lite lass kanskje. Kvar mann på båten la til sin part, så det blei snart nok.
Dei store kistene blei no henta ned frå stabburet og tatt inn, vaska og grundig reingjorde. Det var to stykkje, ei blå og ei raud eller brun. Det var ei til kosten og ei til kleda. Vi har desse kistene endå. – Mor hadde no streva og stelt til kleda. Det måtte vere gode og varme saker. Tre-fire par nye store sjøvottar måtte far ha med. Desse vottane var bunde på tre- eller beinstikker, og dei var mesta alna lang før dei blei tøvde saman. Alt dette blei lagt ned i klekista, og så var ho ferdig. – Men så var det kosten. Far pla ha med seg mykje flatbrød, det var til mølja, møljebrød. Det måtte vere høveleg mykje steikt, ikkje for hardt, for då ville det gå sund i kista. Leivane blei bretta to gonger for at brødet skulle ta mindre plass. Det var gjerne far sjølv som bretta brødet. Det måtte gjerast etter kvart leivane kom frå omnen, medan dei var varme. Hadde ein ikkje gjort det med det same, måtte brødet først hinast opp. – Samstundes bakte mor gamaldags nordlandslefsa. Det høyrde med til kosten – fast. Lefsene blei helst lagt ned heile, ein klipte ikkje leivane opp i bitar. Det var vel for at dei skulle halde seg mjuke lenger.
Til sist bakte mor stompen. 30-40 store brød var visst det vanlege, det skulle jo vare eit par månader minst. Det galdt då om å ha godt mjøl, så ein var heldig og fekk gode brød. Alt dette blei så lagt ned i blåkista, nokre brød blei kanskje med i klekista eller i pakk-tunner. Og så stod då begge lofotkistene ferdige til å førast ombord. I leddikene var ymse småting samla. Der låg trådnøste, garnnåler, stoppenål og stoppegarn, salmeboka og eit og anna som det kunne vere bruk for.
Og så kom då den store dagen, då storbåtane låg innskipa og ferdige nede på vika. Far hadde dradd i dei svære, nysmurde sjøstøvlane og stod budd til å fare. Alle i huset fylgde han til sjøen og tok avskil på fjæra. Ein vart fylt av ei underleg rar spenning. Det låg ålvor over dette at far skulle dra frå oss, så langt ut til det ukjende, og vere borte så lenge. Vi skyna også tidleg at dette var ei heller vågsom ferd, visste at det ofte hende ulukkker på Lofot-havet, og at mange ikkje hadde kome attende. Vi fekk ferdast-lefsa på fjæra, vi fekk handtrykk og klem, men det kom gjerne tåra på kinn hos både store og små når far steig i jollen og rodde frå land. Så stod vi der og såg, til dess dei store segla gjekk opp og båtane stod utover. Der såg vi far stod med styrevolen i eine handa og svinga huva med den andre. Vi vinka attende så lenge det var råd. Så gjekk vi opp att til stua. Men vi heldt heile tida auga med segla. Dei blei støtt mindre og mindre, til dess det berre var to prikkar å sjå der langt ute, den eine litt større enn den andre. Og så var far reist, og ein ny tidbolk børja.
Ein gong skapte eg meg galen og ville vere med til Lofoten. Vetet var ikkje større. Det høvde seg så at dei ikkje var ferdige med innskipinga før om kvelden. Dei skulle sigle om morgonen. Men for at dei skulle kome seg laus så tidleg som råd, ville far gå ombord om kvelden. Då børja eg skrike på storingen, så far til slutt måtte gå og leggje seg saman med meg. Då eg vakna om morgonen, var far og båtane borte -.
Den første dagen og kvelden etter at far var borte, var det stusleg heime, tykte eg, og det var nok likeins for dei andre. Det var så underleg og utrygt når vi ikkje hadde far mellom oss. Ein visste ikkje rett kva ein skulle ta seg til. Ingen garnnåler å leggje i meir, det hang ikkje garn frå taket no, stua var så tom vorten. Utrygt var det. Sett at det kom framande folk til gards, ein fark eller ein tjuv. Det slong slike karar no og då den tida. Kva ville så hende? Det var godt at far hadde sett stengsel for bislagdøra før han for. Når mor var ferdig i fjøset, og det ikkje var meir å gjere ute, sette vi nabben over lokka på bislagdøra, og så kjendest det straks tryggare. – Mor prata med oss om at no var far borte for å tene pengar, og no måtte vi vere flinke og hjelpast åt, så skulle det nok gå bra. Og snart ville vi få brev frå far – lofotbrev. Ho prata om at det var best vi heldt tidleg kveld, så sparde vi på både olja og veden. Og slik blei det. Mor, Torleif og eg låg i kammerset, jentene i sengebenken inne i stua. Men i tankane var vi hos far, – kor var han no komen, korleis hadde dei det i båthuset tru?
Så gjekk tida sin gang medan far var borte. Vårt daglege gjeremål var å sage og hogge ved, og så renne tunnestavane. To gonger i veka skulle mjølka til byen, og no måtte ein sende med andre. Far hadde ordna med nokon til å ta ho til byen medan han var borte. Men spannene måtte ein bere eller dra på fjæra om morgonen, og dette måtte vi hjelpe til med så snart vi var så store at vi kunne vere til hjelp. Og så venta vi på brev frå far. Den eller den narvikdagen kunne ein kanskje vente det første. Det var stor spaning og fest når brevet kom. Mor las høgt, og vi stod omkring og var glade. Jau, far hadde det bra. Dei hadde vore på sjøen, og oftast kunne han fortelje at dei alt hadde gjort gode sjøver. Vi forsto kva det hadde å seie. No måtte far få svar så snart som råd, no visste vi kor brevet skulle sendast, og far venta på å høyre frå oss heime.
Før vi hadde lært å skrive brev, nytta vi anna hjelperåd: vi klipte ut ein mann eller ei kjerring av papir og la inn i brevet som mor sende. Det var fast takst, det ville far sette pris på. Han skulle klistre papirmennene opp på vindusruta i båthustaket, og det gjorde han kanskje òg. Ein gong skulle Olga skrive brev til far for meg. Eg dikterte og ho skreiv: «Eg sette a' på høgste håjen med staven i skrevet, men eg datt ikkje!» Det var det viktigaste. Elles pla vi fortelje om korleis det gjekk med vedsaginga, kor store la vi hadde. Det var ei æressak for Torleif og meg å ha store vedla å vise fram når far kom heim. Då fekk vi ros, og det sette vi stor pris på.
Eit år skreiv far og fortalte at han hadde kjøpt ski til smågluntane. Då var spaninga stor, og vi stunda etter at lofotfolket skulle kome. Tenk, nye ordentlige ski! Vi som berre hadde tunnestavar og eit digert par ski som Knut Finnesa hadde laga. Dei var mest dobbelt så lange som eg. Tunnestavane var elles ikkje så aller verst. Men dei var leie til å renne seg fast med spissane, dei var jo så beine framme. Og reimane over tåa gjekk støtt laus. Det rivna for spikrane på ei side, og så måtte ein til å spikre på nytt. Sistpå var staven så sundspikra at ein måtte kaste han og lage ny.
Far pla gjerne sende ein kasse fisk heim frå Lofoten. Da var det stor stas. Her kom torsk, lever og rogn. Det var flekte torskehovud òg i kassen, og dei var liksom det gildaste av alt. Og det var rart å tenkje på at denne fisken hadde far fiska og lagt ned i kassen, han som var så langt – langt ute i verda -.
Slik gjekk vekene utover, og vi tok til å vente far heim. Det kom brev om at då eller då slutta dei kanskje roren. Det var spanande dagar. Vi gjekk og venta og såg mot fjorden. Var det segl å sjå? Vinden stod inn fjorden, som han så jamt gjer mot våren. No kunne ein vente dei kva tid som helst. Vi kleiv opp på stuetaket for å sjå betre, eller vi gjekk på Hågen. Jamt var det storbåtsegl å sjå der ute, men dei hadde ikkje rette stemninga. Det peika for langt ifrå. Det kunne kanskje hende vi laut vente mange dagar. Men så, i ei merkeleg gild stund, var dei der, dei rette. To segl kom om Skårsteinen, og dei heldt rette kosen. Det eine større enn det hitt. Dei voks og kom nærmare, beine leia mot Virek. No var dei straks med øyane, her var ingen tvil meir. Far kjem! Vi storma inn og fortalde nytt. Før båtane tørna, stod vi på fjæra alle fire borna. Sto der og høyrde skramlet av kjettingane, og høyrde til og med dei prata og ropa til kvarandre ombord. Du min, kor glade og forvitne vi var! Men det tok endå ei god stund, det var mangt å ordne med før båtane endeleg låg vel fortøyde og alt slik det skulle være. Men så til slutt såg vi jollen kom på sjøen, og der kom dei roande. Vi sto på nedste fjæresteinane og tok imot. Og der var far, stor og sterk og smilande steig han ut av jollen i dei store støvlane og kom mot oss. Gleda var urimeleg!
Sjøvegen var ikkje tung å gå den dagen. Far hadde gjerne vesle-bomma med seg i land, og ho kom snart opp. Der hadde han lofotkringle, store svære vannkringler som var gilde og vakre å sjå til, og endå betre å smake på. Det var nok einast i Lofoten det fanst så gilde og gode kringler. Mor hadde kaffien ferdig, og far kunne sette seg beint til bordet. Begge partar hadde mykje å spørje etter og mykje å fortelje om. Så gild ein dag hadde ein aldri opplevd før.
Sidan bar det til å skipe på land. Dei store båtane var jo fulle av mange slag saker. Jollen eller ein annan småbåt for att og fram mellom båtane og fjæra heile dagen. Der var kistene og tunnene, garn og kavl og stein, iltau og ymist anna. Og så ei mengd med torskehau-henker. Det var krøttermaten. Fjæra blei heilt full av saker før alt var kome på land.
Når så båtane var tømde og reingjorte, skulle dei setjast opp. Vi blei sende rundt på gardane og be om båthjelp, som det heitte. Og folk kom villig. Både karar og kvinnfolk. Det var ikkje noko lett sak å få ein fembøring oppetter fjæra. Ein måtte lunne godt, og smørje lunnane med grakse. Ein eller to hestar blei spente for, og så samla folket seg om båten på begge sider. Karane sette ryggen under, og når alt var greitt slik, sette oppsangen inn. Køyraren jaga på hestane, og den svære båten tok til å gli oppover lunnane. Han Eliseus var mest alltid forsangar. Han hadde røyst i rikeleg mål. Orda i oppsongen var: «Hya-vi-a-hå, å-hy-å-hy-å-hya-vi-a-hå!»
Det var ikkje så greit å greie seg utan far hardaste vintertida. Det var utrygt på garden den tida han var i Lofoten. Det hender jo så mangt på ein gard frå tid til anna. Men det var nok bra òg at ein slik fekk prøve seg tidleg, greie seg på beste måte.
Ein gong hadde vi ei kvige som var så fæl til å spenne. Ho kalva just med det same far skulle reise. Det var uråd å få mjølka or kua på vanleg vis. Så laga far til ein klosse på golvet bakom kua. I klossen var det eit hol til å tre eit band igjennom. Når mor skulle mjølke, måtte eg vere med. Vi sette så band fast i kuskanken, og la fast om klossen, og såleis greidde det seg. Kviga skyna då snart at det ikkje nytta å spenne, og så sto ho still medan mor mjølka.
Kalvane skulle slaktast, og mor lika ikkje å gå på gardane etter hjelp. Eg var ikkje gamal karen då ho bad meg slakte første kalven. Ho meinte på at det var ikkje farleg. Eg minnest at eg ikkje hadde sers lyst på denne jobben, men det blei til at eg manna meg opp med øks og kniv, og så slakta eg kalven på laden. Det gjekk bra, men eg minnest at han blødde seint frå seg. Sidan gjekk det betre.
Vi hadde nyst fått springvatn, og dei første åra hende det ofte at røyrane sprang sund. Stoppekran hadde vi ikkje, så når det gjekk hol på røyrane, blei det «oversvømmels» i kjellaren eller kjøkenet. Far pla i slike høve surre skinn og snøre over sprikka. Ein vinter sprang røyra nede i kjellaren, midt over rødpotet-bingen. Far var i Lofoten. Eg måtte då i hui-hast til med skinn og snøre. Og eg fekk lekasjen stoppa, men hugsar at det var groveleg kaldt på nevane.
Det hende og at vi blei fri for vatn i springen. Så måtte vi køyre frå Storelva. Men det gjekk bra, det var oftast berre moro å køyre vatn. Oftast var mange køyrarar i lag til elva. Det kunne vere ei heil rad med hestar. Ein hjelptest då åt med vassfyllinga.
Som eg før har fortald køyrde far alltid heim eit stort vedskjol før han for til Lofoten. Men det blei tidleg smågluntane si sak å sage og hogge han sund og bære veden inn. Det var ikkje så lite som måtte til: tjukkved til stua, fullt under omnen og i dei to øvste «'tasjane» kvar dag; så var det småved til kjøkenet og til fjøset – for vi kokte til krøttera òg den tida. Når saga blei ukvass eller viken gjekk av, måtte vi til han onkel Johan med ho og få ho oppsett.
Etter kvart vi blei større, sette vi vår ære i å ha mykje ved oppsaga når far kom heim. Veden stabla vi lenge opp i vedsjåen, der vi no har djupstål. Der var svært høgt under taket, så laa kunne bli svært høge. Eg minnest endå den oppstillinga vi nytta for å nå opp med veden. Det var stolar på kassar og hoggestabbar oppå der att, fleire meter til vers. Når far kom frå Lofoten, viste vi med iver fram veden, og far roste oss og tykte vi hadde vore drivande karar. Det lika vi godt.
Også kvinnfolka hadde sine arbeidsstykke å syne fram. Mor hadde som regel hatt vevoppe medan far var borte, og hadde såleis tystuvar og ferdigsydde klede av ymse slag å vise. Gjentene hadde nok laga eitt og anna, dei òg. Det skulle synest arbeid etter tida som var gått, og alt kom vel med. Veven var elles ein triveleg reidskap i stua. Vi borna tykte det var morosamt når mor sette opp vev.
Først laut garnet rennast. Ein svær rennstol – som ein karusell – blei sett midt i stua. Der var ein serskilt kloss til å sette stauren i oppe i midtbjelken under loftet. Det gildaste av alt var når vi fekk stå på rennstolen i fart, nett like morosamt som med ein retteleg karusell. Så var det morosamt å sjå på dei store snellene som snurra rundt i snelletreet. Eg trur ikkje eg var store karen då eg laga snelletre til mor.
Før hadde ho berre brukt ein kasse med strengar igjennom. Dette snelletreet finst visst endå heime, i full orden. Veven blei ein sanneleg ikkje lei av å ha i stuekråa. Han var det mest koselege møbel. Satt mor eller tausa på vevfjøla, var det morosamt å sjå på alt det som rørde seg: trøene som gjekk opp og ned, oppsta-trådane som skifta plass støtt og samstundes, skyttelen som dansa så lystig på dei to rullane frå side til side mellom trådane, og slagbordet med skeia som svinga og klinka mot ty-kanten. Ofte sto eg og såg på korleis dei ymse slag fargestripene kom fram i tyet alt etter som mor skifte skyttel og spøl. Snart måtte den stripa vere brei nok, eller kanskje det endå måtte nokre trådar til før ho kunne skifte.
Sto veven still, var han ein sers gild leikeplass. Det var grueleg morosamt å smyge inn og ut mellom dei ymse bommane og innretningane der var. Ein kunne gjere dei raraste øvingar i gymnastikk i veven. Sterk og stø var han, ein trong ikkje vere redd for at han skulle velte over ende eller gå sund. Det var lurt å gøyme seg attom veven når vi leika gøymsel inne. Der var svart skugge, og ein låg bra løynd.
Eit anna gildt apparat som høyrde vevinga til, var spøl-maskinen. Den karen hadde ein stor interesse av. Vi lærde snart å spøle, og det var eit morosamt arbeid. Likeins var det morosamt å snelle opp bomullsgarnet på dei digre snellene. Det gjorde ein med rokken, og vi fekk tidleg vere med på det òg. Vi hadde ein gamal rokk med stort hjul som blei nytta til snelling. Han var blåmåla, minnest eg. Denne snellinga måtte vere ferdig før renninga kunne ta til. Somme brukte å kabbe i staden for å snelle. Korleis det eigentleg var, er eg ikkje i stand til å gjere skikkeleg greie for. Eg trur helst at kabbing er eit slag opphesping av garnet, slik at ein då kan renne av desse hespene. Mor tykte allvisst at det var betre å snelle garnet. Skulle det vere lang vev – dei målte han alltid i alner – laut rennstolen nyttast godt ut. Ein måtte då leggje vindingane tett oppetter stolen. Breidda på tyet blei avgjort av kor mange trådar ein rente på kvar vinding. Men her spela andre ting òg inn. Skulle tyet vere sers fast, måtte sjølvsagt trådane liggje tettare saman i vevskeia. Det var mest ty til underklede og handklede mor vov. Vi brukte underbukser og nattrøyer av tjukt, heimvevd ty, far brukte også skjorter av heime-ty. Det var først seinare at underklede av strikka ty kom i bruk. Far brukte forresten aldri anna enn vevd ty til underklede. Nattrøya var laga på same måte som skjortene, berre av noko grovare ty. Dei var alltid stripute, og blei nytta som arbeidsoverskjorte. Det var berre når ein skulle vere fin at ein hadde vanleg overskjorte, og ho kom då som tredje plagg, utanpå skjorta og nattrøya.
Eg kan ikkje minnest at vi hadde kjøpte handklede. Mor laga dei alle, mest av heimvevd tjukk lerret. Vi hadde ytterbukser og trøyer som mor hadde vevd tyet til. Det var sterke, varme saker.
Gjentene lærde seg veving og alt det andre som høyrer til det arbeidet. Det mest krevjande her var visstnok oppsettinga av ein vev. Eg trur det var så dei rekna, at når oppstaden var bomma og veven var trædd, – når veven var komen for slag, som dei sa,- då var verste arbeidet gjort. Å træ veven var eit seint og krevjande arbeid. Først måtte oppstadgarnet stikkast gjennom det virvaret av trådar som dei kalla håvollane, og sidan samlast i jamne buntar og træast gjennom vevskeia. Minst eg ikkje feil, brukte dei stundom to skeier, ei i slagbordet og ei anna lenger bak. Til å træ skeia nytta dei eit lite trestykke som ein kalla «skeikrok». Det var ei tunn spik, på skap som ein stor S. Desse skeikrokane var visst noko med dei første nytte-reidskapane eg laga. Det var jo enkel sak å smie til ein slik krok. Emne fanst det nok av, ein tok av vedskiene under omnen. Det galdt berre om å få gode krokar. Eg trur ikkje alle kunne vere så vellaga eller gode som dei blei roste til.
Eit anna arbeid til vevinga fekk eg òg gjere. Men då var eg noko større, truleg i 12-årsalderen. Eg laga springhestar til veven. Springhestane er små blekker som snorene mellom håvollskafta går gjennom. Eg trur at det vanlegvis var fire springhestar i veven. Mor hadde ikkje slike, men laut låne hos andre. Det var eit gildt arbeidsstykke, tykte eg, – å lage dei små blekkene med ei lita trinse i. Mor mota meg mykje opp, og det står for meg som eg fekk til rett pene og gode blekker. Eg skulle tru desse springhestane finst heime endå og er i fullt brukbar stand. Dei var laga av bjørk, og eg hadde visst dei lånte blekkene til modell.