indregard.no
Mine minne

Heimen min

Andreas i 1930-åra
Andreas i 1930-åra

Du heim som med heile din kjærleik meg fødde,
som fostra meg fram ifrå barn til mann,
du grend som så herleg i kveldsola glødde
– å aldri, – nei aldri eg gløyme deg kan!

Med skog og med lider du alltid deg tedde
så ven og så lys som eit eventyrland;
med offer og gaver så jamt du meg gledde,
med kjærleik som varmar eg ingen stad fann.

Dei tindar og takkar som vent om deg kransa
med namn ifrå Odin og Loke og Tor,
dei skyer som der kringom nutane dansa,
dei minte om tider som kom og som fòr.

Klåre som lys renn dei framom i minne
– åra der heime på eldgamle gard. –
Der var det alltid slik hugnad å finne;
ingen stad gladar og sælar eg var!

Du, denne staden som gav meg så mykje,
som røta alt fagert og fint i min barm,
og lyfte meg oppover – stykkje for stykkje,
mot deg vil eg vende min kjærleik så varm.

Det mål som eg høyrde der heime i grenda,
– dei ord som vart tala av far og av mor,
på det vil eg kvede – og heimover sende
den varmaste helsing frå sonen som fòr.

Ja minna om heimen skal stendig eg gøyme,
kvar helst eg så ferdast i sør og i nord.
Og det trur eg visst – at når dei eg 'kje gløymer,
eg bergar meg fram over stormande fjord.

Tromsø, 17.sept. 1932

Forrige kapittelI rutefart med rappen
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelEg reikar i fjell