indregard.no
Mine minne

Ei amerikaferd

Den næraste av slekta vår som kom til å forlate landet, var onkel Hans, halvbror til mor. Eg skal no prøve å fortelje det eg veit om han og hans livslagnad.

Som eg alt har nemnd, var mormor Elisabet gift to gonger. Første mannen heitte Ol Jonsa. Han var frå Håkvika, og var søskenbarn til mormor. Ho kom frå Bogen, men ætta frå Håkvika. – Dei hadde tre born som vaks opp på Virek: Nils, Hans og Øllegård. Om det var nokon born som døde små, veit eg ikkje. Både Nils og Øllegård hadde dårleg syn alt frå dei var born, og Øllegård døde då ho just var vaksen. Eg trur det var tuberkulose ho døde av. Kven som var eldst av Øllegård og Nils er eg ikkje klar over. Nils blei gift med Ingeborg. Ho var frå Grov, og dei busette seg der. Nils var ein opplyst, flink og drivande kar.

Hans var vel den yngste av Elisabet og Ole sine born. Han var fødd på Virek 24. juni 1854, og var såleis 13 år eldre enn mor. Ho var berre 5 år då han reiste – for siste gong – bort frå heimen, og det må såleis vere svært lite ho hadde i minnet om han før han drog ut. Ho sa ho mintest at ho var med på fjæra heime og tok farvel med han. Det ho elles fortalde om han frå desse første åra, må såleis vere slikt ho hadde høyrt av dei andre som større var. Likevel – ho fortalde eit og anna, men det er dessverre lite eg kan minnest og gje att no. Ei artig forteljing hugsar eg ho hadde om han onkel Hans i barneåra. Det galdt komagane hans. I den tida var komagar det vanlege fottyet folk brukte til kvardags lengste tida av året. Og onkel Hans hadde òg sitt par han gjekk i. Komagane var gode, og han tok vel vare på dei. Han hadde dei visst ståande ute i gangen – eller bislaget – når han var inne. Men så ein dag var komagane ikkje på plass. Dei var sporlaust borte. Det blei stor leiting etter dei, og kan hende fekk han knubbord av dei vaksne om at det var han som hadde kasta dei bort og ikkje hadde tatt vare på sakene sine.

Nok om det, komagane var og blei borte ei tid, og onkel Hans laut vel berge seg best han kunne. Men lei over dette må han vel ha vore. Så ein dag han var ute og gjekk, får han brått auga på komagane sine. Dei sat på føtene til ei av grannegjentene, som var nokolunde på same alder som han, – kanskje litt eldre. Han var heilt viss i si sak, og kravde å få komagane sine att straks. Men det ville ikkje ho gå med på. Ho meinte vel at det skulle vere uråd å kjenne komagane att, – for det var gått ei tid no, og dessutan var det søyle og skit på vegen, og komagane såg vel ut etter det. No brukte ho berre kjeft og påsto at komagane var hennar. Dette ville ikkje han finne seg i, og då ho ville stikke av, gjekk han til åtak. Og han greidde å få henne ned. Ho holla og skreik og skjente, men onkel Hans reiv av henne komagane og tok dei med seg. Jenta laut så traske heimover den våte vegen i berre hosane. Dermed var den saka oppgjort, og rett var det, for ho hadde vore og stole komagane, og fekk løn som forskylt.

Forteljinga syner at han alt i guteåra var ein kar som åtte mot til å gjere opp om det han meinte var rimeleg og rett.

Korleis det var med skolegangen hans, veit eg ikkje. Det var jo svært lite skole den gongen. Men vi må etter alt å døme gå ut frå at onkel Hans har vore ein sers gløgg og flink gut på skolen. Han skreiv framifrå fint og godt. Breva han sende frå Amerika var så meisterlege, – ein måtte berre undre seg over at det var råd å skrive slik. Bokstavane så makelaus velforma og pene, og språket greitt og godt. Det var berre ein som kunne måle seg med han i dette: han onkel Helmer i Oslo. Handskrifta hans var – om mulig – eit lite hakk vakrare å sjå, tykte eg. At onkel Hans var flink med rekning òg, kan ein visst gå ut frå. Yrket hans er godt nok prov for det.

Men det sto ikkje mange vegar opne for dei som vaks opp i den tida. Ikkje for sers evnerik ungdom heller, – snarare tvert om, trur eg. For gutane var det einast fiskarbåten å sjå fram til, anten ein hadde hug eller ikkje. Og synte ein ikkje evner og dugleik til dette eine, – ja, så var det rett ille. Onkel Hans var just ein slik ein, det skulle snart vise seg.

Etter at Ol Jonsa så brått kom bort, sat bestemor som enke nokre få år, og gifte seg så oppatt med morfar, han Andreas Hansa, som flytte til Virek og tok over garden og alt som der var. Attåt gardsdrifta var han snekkar og fiskar. Om vintrane dreiv han Lofot-fiske med fembøring. Og då no Hans vaks til og kom i den rette alder, tok morfar han med seg til Lofoten. Vanlegvis var første Lofot-ferda det store eventyret for unggutane å sjå fram til, og som dei stunda og lengta mot når det kom så langt. – Men denne gongen må det ha vore annsleis. Denne skårungen synte berre dugløysa og ulyst til fiske og fiskarliv. Og det så grundig at morfar snart såg seg heilt forbalt med han. Då dei kom heim, sa morfar frå at han ikkje ville gjere det oppatt – å ta Hans med til Lofoten. «Eg skjønar meg ikkje på den glunten,» sa han. «Når han kjem i båten, så set han seg ned, og der sett han! Det finst ikkje det minste av mot og lyst i han. Det er visst, at Lofot-mann kan han ikkje vere, – ka det no elles blir med han!»

Ja, ka skulle det bli til? Det blei eit problem å finne ut av. Dei må vel ha grunna på dette ei tid. Kor lenge er noko uklårt. Likeeins om han kom med til Lofoten meire enn den eine gongen. I allfall må det ha vara ei tid på denne måten, to – tre år kanskje. For dersom mor hugsa rett – at ho var berre 5 år då onkel Hans for bort – måtte han då vere på 19. året. Om ei teoretisk utdanning nokon gong var i tankane, er det ingen som veit. Men det er ikkje utruleg, for morfar var ein opplyst mann, som såg opp til folk med lærdom og utdanning, veit eg. Men å studere i den tida var for vanlege bondefolk ein reint utopisk tanke. Først og fremst på grunn av dei økonomiske kåra mellom folk flest. Det fanst ikkje farande veg til slikt. Og såleis i dette høvet her. Der var no kome 4 born til, så huslyden var heller stor, og dei må ha hatt evig nok med å mette alle munnar på garden som det var.

Men som sagt: Hans var reint udugleg, og noko måtte gjerast. Ikkje var det vetet det skorta på, – ikkje handlaget heller. Onkel Hans hadde synt seg å vere det ein kallar hendt med nevane. Og så kom dei på den tanken at han kanskje kunne bli snekkar. Det kunne vere ein utveg – å sende han i snekkarlære. Hans må vel ha sagt seg huga på det etter kvart. For endskapen blei at han skulle i slik lære i Trondheim. Eg kan tenkje meg at morfar har ordna med denne plassen og med det som i så måte laut til. Men sikkert i full forståing med både guten og med mormor, – det var jo hennar gut først og fremst.

Slik på lag må det ha bore til at onkel Hans i 1873 tok farvel med alle heime og blei skyssa til Sandtorg, Så langt laut ein då fare for å kome ombord i skipet som gjekk til Trondheim. Utrustinga han fekk var vel nokså einfeld, kan eg tru, men den beste ein god bondeheim var i stand til å skaffe. Det var nok ei klekista, eit sengklesett, ei matbomma, ei salmebok og eitkvart anna småtteri i ledika, kan eg tru, – og så mange inderlege ord og ønske om velfar og lukka til. Å fare så langt bort som til Trondheim, for å vere der i lang tid, – fleire år kanskje, – må vel ha arta seg som noko bortimot ei Amerika-reis seinare. Det er derfor greitt å skjøne, når mor fortalde at også ho – den vesle 5 år gamle søstra – var med nede på fjæra og sa farvel med han som drog. Dei skildest nok med blanda kjensler, kan ein tru. At det var for siste gong, visste ingen då.

Heime gjekk livet vidare. Og ein kan gå ut frå at dei tok til å vente på tidend frå guten straks det lei så langt. Han var jo så flink til å bruke pennen, så det skulle ikkje vante med det. Og det kom brev då tida var der. Men det brevet må ha vore noko i likskap med eit bombenedslag for dei som heime var. Vel var guten komen til Trondheim i god stand og hadde det bra, slik dei ønskte. Men på snekkarskolen var han ikkje, – og ikkje skulle han dit heller, etter det han skreiv. Ja, dette måtte sikkert vere noko av ei hard melding å få. Alt dei hadde tenkt ut og lagt best mulig til rette, for å skaffe han ei yrkesutdanning dei meinte høvde, var blåse bort og kasta på vegen. Guten hadde gått sin eigen veg, og som 18-åring, heilt på eiga hand, tatt avgjerd om sin vidare livsgang. Og dette var det no han fortalde dei om i første brevet frå Trondheim.

Jau, forklaringa var slik: mellom ferdafolket ombord i skipet var to reisande handelsmenn. Dei hadde vore på ferd nordover, og var no på veg attende til Trondheim, der dei dreiv forretning og budde fast. Eit eller anna må ha ført til at dei hadde lagt serskild merke til denne framande ungguten som reiste med, og han må ha fanga interessen hos dei. Av einkvan grunnen har dei kome i prat med guten, og snart skjøna at han var emneleg til anna enn å bli snekkar. Eg kan tenkje meg at dei såleis har kome over kor flink han var til å skrive og rekne, – det som var så viktig i deira eige yrke. Dei prata no med han medan ferda gjekk sørover, og spurde om han ikkje kunne ha lyst til å kome i forretning, – vere hjelpesmann hos dei i handelen. Dette var nok midt i blinken for onkel Hans: å få ordne med kjøp og sal, og lære bokføring. Det måtte vere ei læra etter hans lengt og lyst. Kor lenge han grunna over dette tilbodet, veit ein ikkje, men då skipet kom til Trondheim, må avgjerda ha vore tatt. For han blei med handelsmennene, og var deira mann sia. Snekkarskolen var stroken for godt. Han slo inn på ein veg som han likte betre, og denne avgjerda angra han nok aldri på. No var han hamna på rette hylla. Det kan nok vere at sjokket som første brevet sette heime, snart ga seg etter kvart det kom fleire brev. Dei skjøna nok at guten ikkje hadde gjort sitt val utan tanke, og dei visste at han hadde evner til å lære og til å greie med sitt på eiga hand. Historia med komagane fortalde sitt.

Kor ofte han skreiv heim, og kor jamt han fekk brev heimanav i dei første åra, veit eg ikkje. Men truleg var denne kontakten nokså god. Dei visste i allfall om han heime, – at han treivst i arbeidet og hadde det bra.

Kva folk var det så han var hos og arbeidde for? Det er noko uklårt, men etter det eg ser av papira som kom frå Amerika etter at onkel Hans døde, må firmaet ha heitt Hill & Fuller. Desse namna høyrest ikkje norske ut, men det kan jo vere at dei er noko «amerikaniserte», på same måten som onkel Hans sitt namn fekk si serskilde amerikanske form: Henry J. Wirak.

Desse to handelsmennene dreiv forretninga i Trondheim i to-tre år til, men flytte så til Oslo, eller Christiania som byen då heitte. Og onkel Hans følgde med og var bokhaldar i forretninga. Etter to-tre år, bar det så over til Amerika med dei alle. Om dei for i lag på same skipet, veit eg ikkje. Det er mest truleg. Dette var i 1879. Det står at onkel Hans gjekk i land i Boston i oktober det året, og kom i november første gongen til byen Beloit i Wisconsin, der han sia levde og verka i så mange år.

Hill og Fuller for til Amerika for å drive forretninga vidare, og onkel Hans var deira faste mann framleis. Men det har nok tatt litt tid med å kome seg i gang der borte i den nye verda. For onkel Hans arbeidde først på ein farm i Wisconsin i 3 månader, og sidan ei kort tid på noko som er kalla «the Thompson plant». Han var òg «clerk» – skrivar – hos John R. Towle på « a dry goods store» ei tid. Etter eit år, i september 1880, kom han så attende til Hill & Fuller, som no hadde starta manufaktur­forretning i Beloit. Han var der først i sju år, til i 1887, – då han for til St.Paul i Minnesota. Her arbeidde han i tre år i ei manufakturforretning som heitte «The Boston Clothing Store».

I 1890 kom han attende til Hill & Fuller. Etter at Fuller gjekk ut av firmaet, var han saman med J.H.Hill til denne døydde i 1906, og overtok då heile forretninga åleine. Ka tid denne Fuller døde, veit eg ikkje. Men det må helst ha hendt før, etter det han gjekk ut av kompaniet først. Forretninga bar sia onkel Hans sitt namn: Henry J. Wirak, Clothing House, Beloit, Wisconsin, USA. På veggen heime i stua hang det ein gong ein stor og fin kalender onkel Hans sende mor. Der sto dette firmanamnet med store bokstavar. Her sto namnet på vekedagane og månadene på engelsk, og dette var dei første orda eg lærde på det språket. Kalenderen hadde elles eit stort bilde, med grøne marker og mange svære, rauflekka kyr som gjekk på beite. Bildet var stort som eit maleri, og vi tykte det var noko av eit underverk å sjå på. – Det kom fleire liknande kalendrar frå onkel Hans, men denne med kyrne på minnest eg serskilt. Berre så synd at det ikkje blei tatt vare på dei, – og endå meire alle breva som kom. Ingen ting av dette er att, så vidt eg veit.

Onkel Hans var no åleine i Beloit i ei lang årrekke og dreiv si forretning der. Han var einsam ungkar, men hadde vel sin omgangskrins og sin heim som han treivs i. Norsk folk måtte det vere sers lite av i denne byen, for eg hugsar at han skreiv om dette. Det var svært sjeldan han råka norske, så sjeldan at når han ein hende gong høyrde norsk tale ute på gata, laut han snu seg og sjå etter dei han hadde møtt og som enno tala norsk. Men det var ikkje slik at han gløymde morsmålet sitt. Heilt til det siste viste breva at han kunne bruke målet sitt like reint og rett som noken gong. Det einaste eg kan minnest om dette, var at han av og til gløymde seg når han skreiv – og brukte and i staden for og – i den siste tida. Elles flaut norsken rein og rett i penna. Det var ikkje stor likskap med enkelte andre amerikafararar, som var der borte i nokre månader, og som bad om tolk når dei steig i land i gamlelandet etter ferda.

Onkel Hans dreiv sitt virke i Amerika år etter år, og gjorde det godt. Han sende til ulike tider bilder av seg sjølv, bilde som enno finst mellom mor si samling. På eit av dei står han utafor forretninga si, med firma-skiltet over.

I 1921 selde han forretninga. Kven som overtok ho, veit eg ikkje noke om. Men onkel Hans hadde anna å virke med. Han var nemleg agent for Den Norske Amerika Linje, og dette heldt han fram med i nærmaste åra etter at han ga opp handelen. Det må vel ha vara heilt til eit par år før han døde, til helsa hans tok til å svikte. Arbeidet for NAL var nok både stort og krevjande, og etter det ein kan skjøne, var dette ombodet fremste årsaka til at han aldri fekk sjå heimlandet att. All den gode kontakten han gjennom så lang tid – over 50 år – heldt med heim og søsken, syner at han lengta etter å kome attende. Dette skreiv han om i mange brev. Han hadde planer om å fare til Noreg i mange år, men når vår og sommar kom, var det verre å gå frå arbeidet – serleg det i NAL, – og så blei turen skoten ut år for år. Eg kan minnast at han skreiv og ba om å få vite kor mykje på lag det ville koste å bu her på hotell eller pensjonat eit års tid. Han meinte vel at han måtte ha såpass lang tid når han tok turen. Dette trur eg òg at han fekk svar på. Og til sist – ein gong i 20-åra – var det kome så langt at han skreiv at han skulle kome til sommaren så sant ikkje noke kom i vegen. Men han avslutta med å seie at: kjem eg ikkje då, så blir det aldri. Og det blei aldri! Han kom ikkje, og såg aldri heimlandet sitt att. Det var nok alderen og minkande livskraft som kom i vegen for planene om ferda heim til sine. Han døde i heimen sin i Beloit den 27.april i 1928, og blei gravlagt der. Mor fekk bilde av gravstaden med vakker minnestein på. Det kom frå presten i den kyrkjelyden onkel Hans sokna til. Han hadde kanskje bede om dette før han døde. Eg kan hugse at det sto mange lovord om onkel Hans i brevet presten sende i lag med bildet.

Det var andre ting også som tydeleg syner at tankane hans jamt må ha gått heimover, – at han ønskte å halde oppe sambandet med gamlelandet, folket og slekta så langt råd var. Såleis sende han i mange år heim til Virek det norskamerikanske bladet «Skandinavien». Bladet var på norsk, og såg ut som ei vanleg dagsavis. Det hadde nyhendestoff, både frå Amerika og Noreg, og var sjølvsagt først og fremst mynta på norske i Amerika. Kor det kom ut, hugsar eg ikkje no, men eg trur helst det var i Chicago eller Minneapolis, – eller kanskje i ein annan av storbyane der borte i Midt-Vesten. Til oss kom det med mor og onkel Johan sine namn på, men om det kom beinveges frå redaksjonen eller frå onkel Hans, det minnest eg ikkje. Bladet blei lese både «utigarden» og hos oss. Eg hugsar ikkje noke frå innhaldet, for eg var jo berre småglunt då. Men der var med vissa stoff som interesserte, for eg minnest at vi venta på bladet, og det var jamt spørsmål om det var kome nye nr. av «Skandinavien». Han onkel Johan las det nok frå «perm til perm», tenkjer eg, – han var så svært kjær etter avislesnad. Eg går ut frå at bladet også gjekk til onkel Nils på Grov. Det var sjølvsagt onkel Hans som betalte bladpengane for «Skandinavien». No er både dette og mest alle andre norske aviser i Amerika gått inn. Eg kan ikkje minnest at vi hadde «Skandinavien» etter 1920.

Hans gjekk òg med tankar – og voner – om å få nokon av slekta til å kome over til Amerika, – til der han var. Det må vel tyde at han ønskte noken av dei som voks opp her skulle kunne overta forretninga hans når han slutta. Dette var han inne på ein eller fleire gonger i breva. Eg trur det måtte vere omkring 1920. Då ho Lisbet skulle ut på skole, ville han vite om det trongst hjelp. Og minnest eg rett, sende han nokre pengar, om det ikkje var så mykje. Han var i allfall med oss i tankane og ønskte at vi skulle kome oss fram og få utdanning.

Etter det eg veit var ikkje onkel Hans med i noko politisk parti eller styre i Amerika. Men han var nok på ymse måtar med i samfunnslivet likevel. Såleis var han medlem i Odd Fellow-losjen i Beloit heilt til han døde. Under første verdskrigen gjorde han stor og verdfull innsats på det økonomiske feltet, – ved å garantere for statslån for krigføringa mot Tyskland. Dette hugsar eg var serskilt omtala og rost i brev som kom frå Beloit då buet hans blei gjort opp. Der sto det òg at han i ei rekke år, heilt frå 1890, hadde vore med i styringa av «the Beloit Savings Bank». «He seldom missed a meeting», står det, – var sjeldan borte frå eit møte. Vidare fortel brevet at han heilt frå 1880 var medlem i «the Myrtle Lodge, I.O.O.F», – vel ei grein av Odd Fellow, og at han der etter kvart hadde alle «the honorary degrees, including the encampment». Det vil vel seie – alle ærefulle tillitsverv og æresymbol. Frå 1887 hadde han «served as treasurer of the Lodge and encampment».

Som amerikansk statsborgar har han nok gått fullt inn for å vinne over Tyskland i krigen. Det kom brev om dette under krigen. Eg kan berre hugse eit einaste avsnitt no. Det var dagsett i Beloit den 11.11.1918. Då byrja han brevet slik: «I dag har Tyskland måttet bøye kne, hund for Amerika.» – Dette kan jo i våre øyra høyrast både hardt og hatskt ut, men vi må ikkje gløyme at det var den umenneskelege uinnskrenka ubåtkrigen Tyskland sette i gang som fekk Amerika til å gå med i krigen, og til å hjelpe dei nøytrale landa. Det var innsats for å berge m.a. onkel Hans sitt gamle heimland, og først og fremst dei tusental av nordmenn som pløgde havet og heldt sambandet med Amerika oppe. I jubelen over våpenkvila den 11.11. brukte han orda «hund for Amerika», og vi kan vel forstå det.

Onkel Hans hadde nok vore kyrkjeleg interessert og stødd arbeidet i det lutherske menighets-samfunnet i Beloit ikkje så lite. Dette sto det ein del om i brev frå presten der borte etter at onkel var død og gravlagd. I testamentet ga han 100 dollar til «Our Savior's Lutheran Church.» Dette var vel til å dekke utgiftene med gravferd og gravstad, tenkjer eg.

Endå om denne mannen levde så lenge skild frå heimland og slekt, – berre med den kontakten breva var – må ein tru at han levde eit rikt og godt liv, og at han treivst med sitt tilvære slik det var – i Amerika. Han har nok likt seg der, og arbeidet har jamt gjeve han glede. Dermed er ikkje sagt at han alltid kjende seg vel til freds. Såleis var sommarvarmen til plage for han. Ein gong skreiv han at det var reint ille. «Eg vil ønskje at ingen andre av mi slekt kjem hit til slik ubergeleg varme,» sto det. – Beloit ligg nær sørgrensa av Wisconsin.

Med dette har eg skrive ned det eg veit om onkel Hans. Han levde i Amerika i 49 år. Og han blei ein rik mann. Buet hans synte ei eiga på 76.000 dollar. Det aller meste av dette var i reide pengar. Testamentet han let etter seg var klårt og greitt oppsett. Her deler han først ut gåver til nokre personar og til kyrkja i Beloit, og let så arven gå til dei fire søskena i Noreg. Delinga var slik: til Pauline Bussler 400 dollar, til Klaus A.Gustavson 150 dollar, til Barbara Jacobson 150 dollar, og til Our Savior's Lutheran Church 100 dollar. Dei fire søskena fekk til saman over ein halv million norske kroner. Etter pengeverdet i 1928 var det ein veldig stor sum å få til gjevande. Især for onkel Nils. Han fekk 5/8 av arven, – mor og Johan og Helmer 1/8 kvar. At onkel Nils, den rette broren, fekk så ulik stor part – 5 gonger så mykje som halvsøskena – kan nok sjå rart ut. Men onkel Hans hadde sett testamentet opp slik og må vel ha hatt sin grunn. Mor trudde det hadde samanheng med skiftet etter bestefar. Etter at han gifta seg med bestemor, laut han i følge lova halde skifte, og halvparten av det han åtte før han kom til Virek, gjekk då ut til arvingane frå ekteskapet med Ol Jonsa. Såleis fekk då også onkel Hans ein del av det bestefar hadde ført med seg inn i fellesbuet, men som eigentleg ikkje var morsarv. Dette blei det tatt omsyn til under skiftet då bestefar døde i 1909. Heile arven etter han blei då delt mellom dei tre borna hans. Dei to halvbrørne hadde ikkje rett til å arve noko no. Men dette var dei kanskje ikkje så heilt tilfredse med. Og mor snakka om at onkel Hans vel hadde hatt dette i minne då han gjorde si deling. Det får no vere som det vil – der var i allfall støtt godt forhold dei fem søskena imellom, både medan alle levde og etter skiftet av amerika-arven.

Då arven kom, var det meste av mor sin part utskriven i ein stor sjekk på 25.000 kr. Det var på hausten i 1928 eller 29. Det blei no spørsmål om korleis ein best skulle ordne med desse pengane. Eg fekk til oppgåve å fare til Kabelvåg og heve sjekken i Vågan Sparebank. Det gjorde eg. Etter ordre blei 15.000 kr. sette inn på 6 mnd., og resten for eg heim med. Banken hadde berre små sedlar, så det blei to digre pengeposar å ta vare på på turen. Mor hadde forresten utstyrt frakken min med to store ekstra lommer til dette, og alt gjekk bra. I banken sa dei med meg at eg måtte akte meg så eg ikkje blei skoten på vegen.

Forrige kapittelEin gild granne
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelPå sjøen med far