indregard.no
Mine minne

Det syng om haust

Det susar stilt i skog og skard
ein song frå foss og fjell,
det kviskrar vart om grend og gard
i døkke haustekveld.

Frå lida kjem han tung og sein
– ein sus frå lauv som fell,
og bekken smyg seg mellom stein
så stilt i haustekveld.

Der fjellet skin med kollar kvit
veks fram ein båreòm.
Med bod om hausten kjem han hit
og aukar til ein ljom.

Han strøymer fram på flått og fly
med sukkar og med sorg;
og himlar gjerest blå som bly
innover haug og horg.

Dei tusen strå som blomar bar,
og skein i solarskin,
frå ytste strand til inste skard
– dei ventar dauden sin.

På myr og mo dei legg seg ned
med sine brune blad;
og stilt og vart dei bøygjer kne
og døyr visst endå glad.

Men natta er så svart og still.
Ho ventar på ein storm,
som siste livsvon tyne vil.
No vaknar Midgardsorm.

No gufsar kaldt frå kvite hav
den fyrste haustenatt.
Det durar døyvd i storekav
og båra veks seg bratt.

Langt ute på dei ytste skjer
veks fram den tunge marm.
No draugar opp or djupet fer
med lik inni sin barm.

Men enn i aust det tirer fram
ei stjerne – blank og blå.
Alt med sin blanke stråleham
ho talar til meg så:

«Den sumar som du eingong såg
med lys og liv på jord,
no kverv han av, på hei og håg
og alle stad her nord.

Og så kjem vinterstormar opp
frå ytste havsens rand,
og snøen kvit til øvste topp
skal klæde heile land.

Og natt skal sløkkje ljoset ut
med myrker tungt og tett.
Frå hav og opp til høge nut
skal vintren få sin rett.

Det liv som lyset ale har,
skal døy og slokne av.
Ja alt som sola oppe bar,
skal lote gå i grav.

Det land som blad og blomar bar
i sumarvindars sus,
vert då ein audsleg kyrkjegard,
der livet sokk i grus.»

Ja slik er livsens strenge lag,
av skaparmannen sett;
frå heimsens allra fyrste dag
han gjeld frå ætt til ætt.

For dyreheim, for fugleher,
for alt som livet fekk;
for stort og smått i mannaverd
– den lova alle rekk.

Det blømer støtt så fagert fram
i vonfull vakker vår.
Og likevel, ein dag så gram
det inn i dauden går.

Hillesøy, hausten 1934

Forrige kapittelEg reikar i fjell
TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelMen dine arme små –