indregard.no
Føreord

Andreas Indregard til minne

9. januar 2006 er det hundre år sidan Andreas vart fødd på Virek i Ofoten. I heile sitt vaksne liv var han glad i å skrive, men ikkje så mykje av det han skreiv blei trykt mens han levde. Det vil vi gjerne bøte på. Derfor har vi samla skriftene hans til hundreårsdagen hans.

Andreas Indregard, ca. 1950
Andreas Indregard, ca. 1950

Andreas var fødd på Indregard, som den tredje av fire søsken. Faren hans, Martin Olsen Indregard (1867-1938), kom frå Sørskjomen. Han var son til Ole og Hanna Nilsen, og nest eldst i ein søskenflokk på 13. Martin kom rundt 1887 i teneste på det som var den tids storgård i Ofoten, Frostisen i Skjomen, der Mens Pedersen var husbonde. Hos han «Mens puj’n Isen» var Martin dreng og høvedsmann i 12-13 år, til han møtte Gjertine Andreassen på Virek.

Gjertine (1868-1956) var dotter til Andreas Hansen. Han var frå Kleiva i Bogen, og hadde gifta seg med enka Elisabeth Hansdatter på Virek. Første mannen til Elisabeth, Ole Johnsen frå Håkvik, var død i ei ulykke i vedskogen. Elisabeth hadde tre barn med Ole, og fekk seinare fem til med Andreas. Gjertine var den yngste. Etter at ho vaks til, var ho først og lærte husstell hos prost Andersen på Evenes, og deretter gjekk ho i sylære i Tromsø. Med denne yrkesutdanninga dreiv Gjertine, eller Tina, som ho vart kalla, i fleire år si eiga systue på Grov, til ho vart forlova med Martin.

Gjertine og Martin gifte seg i 1899 og slo seg ned på foreldregarden hennes. Garden blei delt i to. Den ti år eldre broren hennes, Johan, tok over hovedbølet med halvparten av jorda, og Gjertine og Martin den andre parten. Men i staden for å bygge i den austavindsplaga husklynga midt i Virek-grenda, som det var planen, valde dei to nygifte å rydda heimen sin i ein lunare skogteig lenger aust i Virek-bygda. Der bygde dei seg nytt våningshus i 1903, og seinare fjøs. Og sidan garden då var den inste på sjølve Virek – regna i fjordretninga – ga dei han namnet Indregard. Martin sette i gang med nybrott og dyrka opp jorda rundt husa. Men hovedparten av landbruksjorda deira låg framleis ‘ut’i gården’, ved sida av Johan si jord.

Gjertine og Martin fekk fire barn på fem år: Elisabeth i 1902, Olga i 1903, Andreas i 1906 og Torleif i 1907. Dessutan fostra dei opp ein foreldrelaus gut som heitte Angell Kvamme. Dei første åra dreiv Martin og Tina som typiske fiskar-bønder, med Martin på lofot- og finnmarksfiske om vinteren og våren. Resten av året gjekk med til jordbruk og heimefiske. Men då Narvik vaks til som by i tida etter århundreskiftet, vart det pengar å tene på å levere varer til byen. I 1921 slutta Martin med Lofoten, og skaffa seg i staden ei skøyte som han dreiv fraktefart på Ofotfjorden med.

Sjølivet lærte Martin gutane sine opp til frå barnsbein. Då Andreas var 16 år, vart han sendt på Lofotfiske med båtlaget til Eilert Hansen i Saltvik. Møtet med Lofoten var spennande, men også hardt, og etter to år vart det ikkje fleire lofotturar. I staden arbeidde Andreas som motormann på frakteskøyta til faren i sju lange år, samtidig som han arbeidde som odelsgut og dreng på garden.

Men fiske, sjøfrakt og småbruk var ikkje det som lokka Andreas mest. Det var nye tider i emning i landet. Utdanning ville gje ei betre framtid for ein ungdom. Andreas hadde både talent og lyst til boklege studiar. I 1929 drog han til Voss på folkehøgskolen der. Og året etter gjorde han som alle dei tre søskena hadde gjort før han: han tok fatt på ei fire-årig lærarskoleutdanning. At alle søskena blei lærarar var nok meir i samsvar med Gjertine sine ønske enn Martin sine. Serleg motstrebande var Martin då Andreas, odelsguten, også drog på lærarskolen.

I åra 1930-34 finn vi Andreas på lærarskolen i Tromsø. I same klassen gjekk det ei gjente som heitte Sigfrid og var frå Halsebø i Sørvik utanfor Harstad. Dei to vart kjærestar og seinare ektefolk.

Andreas og Sigfrid kom vel igjennom lærarskolen, men etterpå var det ikkje så lett å få fast arbeid. Kommuneøkonomien i 30-åra var dårleg og lærarstillingane få. Liksom andre nyutdanna lærarar måtte Andreas arbeide som vikar dei første åra. Såleis ‘skolte’ han ei tid som vikar i Hillesøy (på utsida av Kvaløya, no i Tromsø kommune), for broren Torleif, og deretter på Ankenes. Frå 1936 fekk han fast lærarstilling i Narvik, og der blei han verande til han gjekk av med pensjon. Dei siste åra var han styrar på Tårnveien skole.

25. februar 1938 hende noe som skulle merke familien. Martin, som då var 71 år, hadde sigla til Skjomnes for å få malt korn på kverna der. På heimturen om ettermiddagen bles det opp ein kvass skjomvind. Kva som hende under seilasen, veit ingen, men Martin kom aldri fram. Den knuste båten vart seinare funnen, men aldri Martin.

Gjertine skøytte Indregard over til Andreas, og flytte sjølv inn i ei nybygd kårstue.

Sigfrid og Andreas gifte seg sommaren 1939. Sigfrid hadde etter lærarskolen tatt vidareutdanning i hustell på Stabek og undervist eit par år i Honningsvåg. No hadde ho fått arbeid på realskolen i Narvik. Dei to bodde i byen vinteren etter bryllupet. Men så braut krigen ut i april 1940, og dei evakuerte ut til Virek. Og her vart familien boande i 17 år. På fem år kom det først 4 barn, Martin, Rønnaug, Stein og Dag, og rundt eit tiår seinare kom Vigdis og Tore.

Sjukdomen som skulle merke Andreas for livet, leddgikta, dukka tidleg opp. Det starta med giktfeber hausten 1940, då han var 34 år. Eit opphald på Reumatismehospitalet stabiliserte gikta såpass at han kunne fortsette i arbeidet. I alle år var han ille plaga med verk, og fleire gonger måtte han ha nye sjukehusopphald. Han vart med åra svært sundvriden i ledda, serleg hendene, men insisterte alltid på å halde seg i arbeid og i aktivitet. ‘Elles blir eg liggjande’, sa han.

Livet vart komplisert for den unge familien. Ei tid i 1940 og 41 var Andreas vikar på Virek og i Råndalen. Men då skolen i Narvik kom i gang att, var det dit han måtte dra for å ha arbeid. I 16 år bodde Sigfrid og familien på Virek, mens Andreas var vekependlar i Narvik. Turen mellom Virek og byen er berre 25 kilometer. Men med ferge over Skjomen var det for tungvint å reise heim kvar dag. Andreas bodde derfor på hybel heile veka, og var berre heime lørdags kveld og søndagen. Sigfrid hadde ansvaret for heim og hus på Virek, i tillegg til at ho frå 1947 starta opp i lærarstillinga i nabobygda Saltvik, 7 kilometer unna.

Slik var situasjonen då Gjertine døde i 1956. Hausten 1957 vart familien samla i byen, først eit år i den nybygde skolen på Fagernes, sidan i ei rekkehusleilighet i Tore Hunds gate. I 1969 kjøpte Andreas og Sigfrid eit hus i Terneveien, og her bodde dei til Andreas døde av kreft i juni 1977.

Andreas var på mange måtar ein klassisk lærar av si tid, venstremann, nynorskmann og fråhaldsmann. Mange elevar har i ettertid beretta om fortelje-kunstnaren Andreas, som fortalde historia, serleg den frå Snorre, så ungane satt trollbotne. Han undervist elles i alle skolefag, men serleg likte han å lære ungane tresløyd. Kan hende var dette noe han hadde etter morfaren, Andreas Hansen, som var snikkar.

Andreas var levande interessert i alt som galdt historie, og i mange år var han leiar for organisasjonen Ofottunet, som arbeidde for å reise eit bygdemuseum i Narvik. Dei kom så langt at dei fekk reist dei første husa til Ofottunet på ein haug oppafor Ornesvika, før byen fann å ville bruke tomta til noko anna, og husa vart tatt ned att.

Å ta vare på eige språk og eigen dialekt var ei oppgåve Andreas sette høgt. Han var i mange år medarbeidar til Norsk målførearkiv i Oslo, og sende inn tusenvis av bidrag om ord og uttrykk i ofotdialekten. Han var med og stifta Narvik mållag, og var aktiv i skolemålsdebatten, med ei rad avisinnlegg. Serleg galdt det striden for å bevara nynorsk som opplæringmål i skolane i Ankenes kommune,- ein kamp som i hovedsak var tapt då nynorsken vart stemd ut av Virekskolen i 1954.

Bondeungdomslaget i Narvik – som på den tida dreiv Tøttavangen, med kafé, pensjonat og lagslokalar – var ein arena der Andreas la ned mykje tid og omtanke, også som styremedlem. Elles song han gjerne i kor, både i Narvik og på Virek.

Det var i dei lange kveldane på hybelen i Narvik at Andreas i 1944 starta med å skrive ned barndomsminna sine, eit arbeid som til slutt fylde 24 skrivebøker. Han seier sjølv at det var mest for å minnes sin eigen oppvekst og barndom, for at ikkje minna skulle gå i gløymeboka, og for å «teste» minnet sitt. Likevel kan det hende at det låg fleire motiv attom skrivinga. Det er lett å sjå at mange kapittel inneheld ein hyllest til faren hans. Truleg var det både for å heidre minnet om Martin, for å ta vare på soga om han og samtida hans, – og for å bearbeide sorga over han at Andreas tok fatt på skrivinga. Dermed kan ein ikkje vente å finne ei heilt balansert framstilling av fortida. Soga om mora er mykje kortare handsama enn det som handlar om faren. Dette er naturleg nok, i og med at Gjertine enno levde då det meste av boka blei skriven.

Prosatekstane i denne boka er tidlegare trykt i ei familieutgåve i 1992. Vi trur det er så mykje verdifull kulturhistorie nedfeld på desse sidene at tekstane fortener å få ein breidare lesekrets. Til denne utgåva har vi også laga eit stikkordsregister vi vonar skal gjere det lettare å finne fram for den som leitar etter opplysningar.

Den lyriske delen av forfattarskapet er blitt til over ein lengre periode. Dei eldste dikta, for det meste stemningsvár naturlyrikk, stammar frå tida på lærarskolen og i Hillesøy. Men på 30-talet – og seinare – skreiv han humoristisk bygdedikt som ‘De sette a‘ landet‘, ’De hakka‘ og ‘Vasslaust’. Dei er skrivne på gammel Virek-dialekt og handlar om dramatiske situasjonar i dagleglivet. Dikta leste han opp på dei årlege julefestane i bygda, til stor jubel.

Men dikt skreiv han elles jamnt og trutt, både i ålvor og til skjemt. Mange handlar om element i Virek-naturen, aller mest frå fjellet der han elska å gå med fiskestonga. Noe er henta frå privatsfæren, som diktet til den gamle hesten vår, Frøya, helsinga til gikta i hans eigen kropp, eller diktet til den gamle ranværingsbåten som han ga namnet ‘Blå Bris’ etter at tjærabreiding måtte vike for moderne blåmaling. Alle desse dikta, og det populære og mykje lesne ‘Ro på havet’, inneheld livsvisdom med skjemt i augekroken.

Dei fleste av dikta var med i eit minnehefte ‘Viser og dikt’ som Sigfrid let trykke i 1978. I denne utgåva har vi sett inn fotnotar for å forklare enkelte ord.

‘De sette a‘ landet’ inngår som første del av jubileumsforestillinga ‘Kyssan i Snorres gate’ som sangkoret Sangvirkelaget sette opp til Narvik sitt hundreårsjubileum i 2002, til Bodvar Moe sin musikk. Diktet ‘Nordlandssodd’ finst tonesett av Johannes Hellene.

I denne boka har vi ikkje tatt med andre ting Andreas skreiv. Det gjeld t.d. artiklar om stadnamn i Ofoten, polemikk om diverse emne, segner og ordforklaringar.

Til sist litt om den måten Andreas skriv bygdenamnet Virek. Denne skrivemåten var den vanlege i gamal tid, og samsvarer godt med rett uttale av namnet, som er [vi’rækk]. Tidleg på 1900-tallet slo namnekonsulentar i Telegraf og Postverket fast at skrivemåten i Aslak Bolts jordebok frå ca. 1430 var ‘Wiðrek’, og at namnet skal tyde ‘vedreke’, ein stad der ved rek i land. Namnet skulle derfor vere Vidrek og skrives med stum –d, bestemte dei. Virekfolk likte denne nye skrivemåten så dårleg at dei protesterte til Postverket gjennom ein underskriftsaksjon og krevde d-en sletta, utan å få gehør. At Virek frå før hadde ein dobbelt-tradisjon med namn gjorde saka endå meir vrien. Alt på 1600-tallet nytta danske embetsmenn skrivemåtar som Wiidrach og Wirack, noe som ga opphav til ein namnevariant som i dag lever side ved side med [Virækk], nemleg [Virakk]. Byfolk i Narvik tok til å vitsa med namnet, og kalla bygda ‘Vi drekk, vi drakk, vi har drukke’. Det syntes mange var leitt, i ei bygd som jamnt over var svært forsiktig med alkoholen. I alle fall, Andreas skriv konsekvent Virek.

God lesing!

Sigfrid Indregard

Martin Indregard

TilbakeInnholdsfortegnelse
Neste kapittelFøreord